lørdag 28. februar 2009

Den store jakten

Har i det siste prøvd å kjøpa meg ei ny badedrakt, noko som skulle visa seg å vera vanskelig.

Har vore innom dei fleste butikkane. Når eg har spurt etter badedrakt, har eg fått ulike svar:

Nei, men eg trur vi får inn.

Nei, men me får sikkert inn nye.

Det er ikkje sikker på, men sjå der borte.

Ja det har vi, dei heng der.

Ja, me har det som heng der, det er ikkje sesong nå, så det er alt vi har.

Har butikkpersonale gløymt kva service er?

Her om dagen prøvde eg meg i ein sportsbutikk. Dei hadde ein del badedrakter, eg såg etter noko som kunne passa. Dei var utringa både her og der, men eg fann ei som såg ganske okei ut. Badedrakta passa for såvidt, men var så mykje utringa at etter to hopp, hadde nok attributtane hoppa ut. Då lurer eg på korleis den mest utringa hadde sett ut, open ned til navelen?

Andre modeller var laga med store utskjæringer i sidene, eg hadde vel vore bar til livet i ei slik ei.....

For den som skal slikka sol eller gå fram og tilbake på "Miami beach" vil desse badedraktene vera okei, men når ein skal symja eller trena, må vel kravet vera at badedrakta held på plass det som skal haldast på plass.





I ein annan butikk hadde dei kun rester frå i fjor, og personalet fann det dei hadde. Eg måtte le då eg såg det dei kom med. Ei todelt badedrakt - ein lang topp og lita bukse. Ja, eg såg meg sjølv i ånda, buksa ruller ned og toppen sprett opp. Nei ikkje noko for ein aktiv kropp....


I dag reiste eg til eit større handlesenter, og etter å ha vore innom dei fleste aktuelle butikkane og fått dei same svara, så måtte eg ta for meg den butikken eg hadde venta med tilslutt. Alt er dobbelt så dyrt der. Ja, dei hadde fått inn nye bademoter, med og utan skjørt. Tok med meg 2-3 til prøverommet. Den som eg først og fremst hadde sett meg ut, ja, den nådde meg kun opp til attributtane - då lo eg....

Eg gjekk frå butikken med badedrakt i posen. Dyr og fargerik, men eg kan vera aktiv heile våren......

Oppfordring til alle produsenter - sy inn glidelås i alle utringingar!! då blir det mykje enklare for kundane, ein kan gli opp eller ned alt etter som....

Litt utpå våren må eg nok ta ein ny runde, for å sikra meg utstyr til neste vinter.....



Dagens aktivitet:
Morgontur med staver.
Bruker staver av og til, fordi då får eg bruka heile kroppen og går på ein meir effektiv måte.

Tok avgårde i eit raskt tempo, tenkte ikkje over det før eg kom i første motbakke. Eg kjende pusten vart raskare og raskare, og mot toppen vart det tungt. Vanlegvis må eg ha ein pust i bakken på toppen, men i dag fortsatte eg i godt tempo, heilt til endes av vår eiendom, der eg snudde og gjekk med lett hjarta heimover igjen.

Trudde nesten at eg hadde brukt kortare tid enn vanleg, men det var ikkje store forskjellen. Det er nok like før eg må leggja om ruta og ta ein tur innom nabogarden og.......
God jakt for den skal ha ny badedrakt!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar