onsdag 25. februar 2009

Onsdag

Onsdag er den dagen i veka, eg har mest aktivitet. For å få med meg tre gonger pr. veke, i bassenget, så har eg valgt å ha to badeøkter på onsdager. Eg har sett av denne dagen til trening, og prøver å styra unna andre avtaler.


Starta i dag tidleg med heimatrim -sykkel , øvelser, sykkel.

For å få dette til tre gonger i veka, har eg lagt denne treninga til mandag, onsdag og fredag. Mest fordi det passer til opplegget resten av desse dagane.

I sist veke auka eg belastninga på sykkelen - eit hakk. Svetten silrant, eg pusta som ein kval, og det er nok ikkje umuleg at heiste skuldrane litt opp mot øyrene. Eg var kjempefornøgd med at det fungerte sånn nokonlunde bra......

Eg har vore ganske stiv og hatt mykje vondt i kroppen dei siste dagane, noko som ofte skjer når eg står på for mykje. Derfor har eg valgt å gå ned på belastninga igjen - til rett over middels på skalaen, for å ikkje gå i same fella som eg har gjort nokre gonger tidlegare. Eg har stått på gjort for mykje, ting har låst seg og alt har stoppa opp.

Kroppen min er nok ikkje klar for å auka belastninga ennå, sjølv om hovudet vil aldri så mykje.

Klart ei lite nederlag, men når eg ser tilbake på det eg har oppnådd dei siste månadane, så har eg hatt stor framgang og gler meg stort over det.


Husk at dette skal fungera over lang tid, var rådet vi fekk på treningsleiren - desse orda har eg teke med meg på veien og seier dei til meg sjølv når eg vil litt mykje.

Heimatreninga fungerte mykje bedre i dag.....

Første badeøkt - gruppetrening med fysioterapi.

Fysioterapauten har vore på kurs, det betyr nye og vanskeligare øvelser for oss.

Mykje latter når baller og skumpølser sprett i hytt og ver. Mykje morro, slik det har lett for å bli når ein del damer er saman.

Dei stakkars 3 mennene kjem sjelden til orde..

På slutten av timen kan vi symja eller vera i boblebad osv...


Ei av damene der, seier eg sym som ei nisa, eg ligg der å flyt og tek nokre symjetak av og til, meiner ho.

Eg er glad i å symja. Då eg tok opp att symjinga for 1,5 år sidan var det 12-13 år sidan sist. Eg har nok forbedra meg sidan eg starta med fysio trening i vatn, men å symja som ei nisa?

Andre badeøkt.
Fribading og vi kan disponera tida som vi vil. Eg pleier å symja ca 30 min før eg roer av med nokre øvelser. No i kveld var det så fullt i bassenget, det vart nesten som å symja i kø. Eg lurde meg fram litt i sikk sakk og fekk fullført mi økt.

No skal eg siga godt ned i godstolen og slengja føtene på krakken og bare slappa av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar