lørdag 21. februar 2009

Treningsleir

I desse dagar er det 4 månader sidan eg første gong drog på treningsleir. Eg var spent på opplegget, kven som var med på gruppa osv. Vi hadde fleire korte økter kvar dag, og vi kunne ta turer etter ønske på "fritida".



Det var ein fin plass i mellom fjella.


Dette var eit opphald der ein vart vurdert med tanke på vidare opphald - 4 av 12 har fått plass.


Medan eg var der så tenkte eg mykje på korleis eg kunne fortsetja med treninga heime, tilpassa min kvardag. Eg la ein plan, der eg satsa på ei økt, dei dagane eg ikkje er på arbeid. I forkant hadde eg kun hatt 1-2 økter i bassenget pr veke og ein tur i ny og ne.


Eg bestemte meg for å vera meir egoistisk, bl.a. sei nei til ekstra vakter på arbeid, sei nei til verv i foreninger og lag osv - no skal eg gjera noko for meg sjølv.




Dei første dagane heime, måtte eg fylgja ein fast plan for å få gjort unna tur/treningsøkter, men etter kvart merka eg at eg fekk meir og meir lyst til å ta turen. Det gjekk ikkje lenge før eg merka at eg fekk meir energi og tok meg fleire turar enn først planlagt.


I løpet av denne tida gjort det beste eg kan, enkelte veker har det blitt ferre økter enn andre. I gjennomsnitt har det nok blitt 4-8 økter i veka- frå 20 til 90 min pr økt, noko eg må sei meg godt fornøgd med.



Kva har eg oppnådd i løpet av denne tida?



Heilt klart har eg fått meir energi - eg er mindre trøytt.

Eg har mista ein del vondter på vegen, og kjenner meg lettare i hamsen.

Har meir utholdenhet - klarer å yta meir under trening.

Det går lettare opp bakkane,- men eg slit enno med trappene (kanskje det er det eg må trena på framover)

Eg har funne muskler langt langt der inne, som ikkje har vore i bruk på lenge.

Elles så har eg merka endring ytre sett - kleda har blitt litt romslegare.

Her om dagen merka eg plutselig at buksa ikkje lenger rulla tre gonger nedover magen, for å gje plass til overhenget over bukselinninga. Buksebaken haldt seg på rett plass, og seig ikkje ned på låra.

For all del, det kan jo vera buksa som har gitt etter for overmakta, og utvida seg i saumane.....


Det er no ca 3 mndr til eg skal tilbake, mitt mål framover er å gjera det bedre på alle testar vi skal gjennom der. For å klara det må eg halda på som eg har gjort til no, noko som eg trur skal gå bra.



Bodybuilder neste????



3 kommentarer:

  1. DU ER SÅ FLINK!!!! Det er inspirerende. Hilsen nummer to av fire som var flink bare frem til jul og som nå sitter her med en fastelavensbolle...

    SvarSlett
  2. Hei,
    fant bloggen via Emmeline. Jeg vil bare fortelle at jeg også driver med livsstilsendring og på kurset (www.trento.no) driver vi og setter konkrete mål. Ikke av typen ~ jeg skal bli i bedre form, men ´jeg skal kunne legge bena i kors uten å holde dem på plass med makt og begge hender´ ;o)
    Stå på og lykke til videre!
    *Tvi-tvi og krysse fingre og tær og etterhvert knær* ;o)

    SvarSlett
  3. Så kjempebra! Men... hvorfor så få som får bli med? Har det noe med TV å gjøre?

    SvarSlett