fredag 27. februar 2009

Vår

Eg veit ikkje heilt om våren er komen for godt, men det er vårleg i lufta. Buskar og tre har fått små "museøyrer" ( blada har såvidt begynt å spretta). Snøklokkene er i blomst.



Var ute og fotograferte litt i dag tidleg, med katten på slep. Ho stoppa opp og såg på meg, men så snart eg snudde linsa mot henne, så gjekk ho vidare.
"Eg vil ikkje vera med på bilete, best å springa vekk!"


"Javel då, du skal få eit biletet av meg, men eg mååååå fiksa meg litt på håret først. Eg kan ikkje vera med på bilete slik som eg ser ut"



Sånn, nå er eg klar for fotografering.


Dagens aktiviteter:

Heimatrening:

Eg trur eg gjorde eit godt valg, då eg gjekk ned att på belastninga på ergometer sykkelen. Alt fungerer mykje betre no.
Bading:

Som vanleg hadde vi mykje morro i bassenget. Fysioterpauten er som ein sprellemann på bassengkanten. Han kjem med mange fine utsagn og får svar på tiltale, og latteren sit laust hos alle.

God helg!
PS: I går: Selvfølgeleg hadde ikkje butikken att meir av det røde garnet eg gjekk lens for... Eg fann ein annan farge og er i gang med ei ny pute - den røde puta må no liggja på vent, til butikklen har fått inn ny forsyning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar