mandag 30. mars 2009

Blåmandag eller grå mandag?

Er det fordi det dagen derpå eller for at det gråver og regn ute, at eg føler meg rusten og utgått på dato?


Det er nok litt av begge deler, har eg mest tru på sjølv.

Hadde mest lyst til å gå ut på tur, i dag tidleg, men når eg såg på veret, så minka lysta....
6 grader, regn og vind.



Eg gjorde litt her og litt der i huset, medan eg diskuterte med meg sjølv.... Det enda med heimatrening (sykkel-øvelser-sykkel) kanskje mest fordi eg skal til fysioterapi seinare i dag, og må ha litt å sei om tilstand når han spør. Akillesen er bedre, så forhåpentlegvis er det siste besøk i dag...


Eg har fundert litt over kor forskjellig utgangspunkt vi har, når vi går ut på tur i skog og mark. Eg brukar naturen og mi fotografering for å koma meg ut, medan andre går ut for "å ta seg ut" - trena. Det blir og trening for meg, men i eit rolegare tempo, som passer for min kropp. Eg har tid til å studera livet omkring meg, andre har som mål å få unna mest mogleg kilometer eller å få ut mest mogleg sveitte og ser lite av det som skjer rundt seg.
På ein måte har denne bloggen og blitt ein del av motivasjonen til å koma meg ut. Her kan eg dela nokre av mine opplevelser i naturen, og kanskje til og med vera til inspirasjon for andre.


Ein kjenning fortalde meg ei historie om svigermora ( kaller henne Guri) som var blitt litt senil og hadde litt dårleg syn. Guri var bl.a. interssert i blomar og sonen gav henne eit forstørrelses glas. Dette brukte Guri titt og ofte på blomane i vinduskarmen. Ein dag fekk Guri vera med ut i skogen, ho hadde forstørrelses glaset med. Guri kraup rundt på alle fire og studerte livet på skogbotnen.
Guri hadde ein fin dag i skogen blant barnåler, sopp og smådyr. Turen var ikkje lenger enn 150 meter, men for Guri var det ein STOR opplevelse.


Anten ein er i "slekt" med snegelen eller geoparden, kan ein oppleva mykje fint ut i naturen.
Ha ein fin dag!

søndag 29. mars 2009

ABBA 2


2. og siste konsert gjennomført i dag. Braksuksees med ståande applaus.
For min del, så følte eg med meir vel, i og med at eg hadde gjennomkjøringa i går.
Dette var moro, nå kunne vi fortsatt litt til...... Med det store apparatet som var i sving, hadde det nok vore vanskelig å samla troppene endå fleire helger....
Med såre lepper og hese stemmer gjekk vi glade og fornøgde til kvar vårt.
Vel blåst!

Navn på blomst?

Søster mi sende meg desse bileta, og spurde meg kva slags blomar dette er. Eg kan ikkje hjelpa henne, kan du?



Dei ser ut som, og er på størrelse med snøklokker.

.




lørdag 28. mars 2009

ABBA



I kveld har ABBA faktoren vore høg, i bygda.

Mitt musikkorps har samarbeida med kulturskulen, leigd inn sangsolister og ekstra folk på diverse gitarer/piano. Dei eldste, frå 13 år, i skulekorpset har og fått vore med.

Eg må ikkje gløyma gruppa frå kulturskulen, der alle er psykisk utviklingshemma, dei spela Waterloo.

Små jenter og gutar dansa, tre gutar var solister på gitar og saxofon, alle frå kulturskulen.

I korpset hadde alle ABBA kostymer, det var litt av eit syn.

Eg for avgårde med sommarfuglar i magen, følte meg ikkje klar for konsert. Eg har vore borte dei 3 siste øvelsane pga kurs og arbeid, og på desse øvelsane har heile programmet blitt sydd i saman. Rettelser i notene her og der, har dei og gjort....

Då er det godt med gode medmusikanter som viser vei gjennom konserten.

Folket i salen med ordførar på første benk, nikka til musikken, det var tydelig at dei kjende seg igjen i det som foregjekk.

Konserten gjekk bra den, og om eg skal skryta litt av meg sjølv, så får eg sei som jærbuen gjer når noko er bra - det gjekk ikkje så verst.
Nå er eg klar for ny innsats i morgon.



Før eg gjekk på arbeid i dag, gjekk eg meg ein tur på gardsveiene. Vipa var veldig aktiv, skreik og kretsa rundt meg på deler av turen. Somme gonger måtte eg stoppa opp og lytta til "bankelyd" over hovudet mitt. Det var faktisk vingeslaga til vipene, eg trur ikkje eg har høyrt det før.

fredag 27. mars 2009

Morgontur på stranda

I det andre starta bilen for å dra på arbeid, drog eg til stranda. Det var eit gløtt av sol innimellom, med mørke skyer omkring.



Ikkje uventa hadde eg stranda for meg sjølv.


Bølgene var flotte å sjå på, og dei braut fleire gonger før dei nådde land.



Vinden hadde viska ut alle gamle fotspor, og laga sine eigne fotefar i sanden.


Reine kunstverka å sjå på.



Nokre Tjelder spaserte nede i vannkanten, men lot meg ikkje koma nær nok til å få gode bilete.

På baksida av sanddynene veks nokre nypebusker. Der hang gamle nyper frå i fjor, med hovudet bøygd.
Nye skudd reiste seg med ungdoms mot og vaia så flott i vinden.


Ein flott og opplevelsesrik morgontur.

Ha ein god og innhaldsrik fredag!

torsdag 26. mars 2009

Kald og grå dag

Var ikkje særleg lysten til å gå på tur i dag, kaldt i heimen, kald vind og grått ute. Etter tre dager på rumpa - kurs- på hotell og med all den "latskap" som det fører med seg, skal det litt til for å koma inn i rutinen igjen...


På veien gjekk eg å funderte over det meste, bl.a. kva eg skulle skriva om i bloggen i dag. Kan ikkje skriva om vår og nyutsprungne blomar - det vert feil når små vannpyttar er frosne til is og vinden går gjennom marg og bein...


Eg tenkte tilbake på det vi snakka om på kurset. Ein filosof hadde sine tankar og meiningar om livet. Han snakka blant anna om dette å ta eit steg til sides, for å sjå på sitt eige liv. "Har eg det slik eg ynskjer å ha det, eller kan eg gjera noko for å endra kurs på det området eg eventuelt ikkje er så fornøgd med?"


Kanskje det var det eg gjorde, den dagen eg bestemte meg for å vera meir "egoistisk", og gjera for meg sjølv, det eg i alle år har gjort for andre?


Kanskje det var det nettop eg gjorde - tok eit steg til sides, såg på min kvardag og bestemte meg for å gjera ei endring i mitt liv?????



Eg har det best, når eg får leika med plastposar.

søndag 22. mars 2009

Søndags morgon

På ein stille søndags morgon går eg meg ein tur, på gardsveier, åker og eng. Sjølv om garden grenser mot gjennomfartsveg, så haurde eg ingen bilar på min veg. Det er kun fuglane som kvitra på sitt vis, elles heilt stille.


Steingardar har vi mange av, dei er laga på handamakt i si tid, og lager eit skilje mellom jordlappane. Dei kunne nok fortalt mangt frå farne tider, om dei kunne snakke. Om gode år og uår, om kjærestepar som lurde seg til ei stund for seg sjølv bak ei heskje, om hester, kyr eller andre dyr som har beita her. Kanskje det var på dette stykkje, han gøymde våpnet for tyskarane, den unge guten frå denne garden, som vart sendt til Trandum og aldri kom heim att.


Her er det bare fantasien som stopper for kva som kan ha foregått på desse jorda. Slikt ein kan fundera over på ein stille morgontur.


Vipene fauk opp og ned, skreik på sitt vis. Eg gjorde ein sving over eit jorde der eg ein dag tidlegare såg vipa. Eg ville sjå etter reir eller start på eit reir. Eg var nok på ville vegar, for vipa kom ikkje etter meg, for å skrema meg vekk. Eller så haldt ho seg borte, slik at eg skulle tru eg var feil spor....

Sjølv om eg har gått her mange gonger, finn eg stadig nye motiv.


Vill hyll finns det mykje av rundt om på garden. Dei er fine å sjå til, men eit vanskelig "ugras" å bli kvitt.....

I dag pakker eg kofferten, og i morgon tidleg set eg kurs mot Oslo, for tre dager på kurs.
Det blir nok lite med tur og natur i asfaltjungelen der....

God søndag!

fredag 20. mars 2009

Vårjevndøger

Dag og natt er like lange, så heretter blir dagane lenger enn nettene. Etter gamalt vert det sagt at slik veret er i dag, skal vår og sommar bli. Lover godt for våre kanter, her skin sola frå nesten skyfri himmel.



I takt med alt det vakre som spirer og gror, lever ugrasset sitt liv. Det er nok på tide å starta med hagearbeidet.



Katta har funne sin plass i solveggen. Her har ho oversikten over det meste.

På treningsfronten har det kun blitt ei økt i bassenget i dag.

For meg var den mindre effektiv, sidan eg hadde ansvaret for gruppa. Eg hadde gjort heimaleksa godt, og klarde å halda gang på gruppa timen ut. Eg testa dei på nye øvelser, noko som laga mykje lått og løye. Badegjengen var fornøgd med treninga, men eg får meir utav det når Petter sprellemann(fysioterapauten) er på plass.

Når alternativet var slik eller avlyst trening, så vil eg heilt klart velja dagens løysing.....

torsdag 19. mars 2009

Skal, skal ikkje

I det sola starta på sin vei over åsen, hadde eg ein liten diskusjon med meg sjølv. Skal eg dra på stranda på tur, eller skal eg vaske huset. Veret tilsa at eg skulle bruka førmiddagen på stranda, men huset burde hatt eit vask. Mannen har fødseldag i morgon, det var vel det som tilslutt avgjorde saken. Huset måtte ha ein omgang med skurefilla, i tilfelle ei sjel eller to skulle koma på kaffi i morgon.
Det var ei litt vanskeleg avgjerd å ta, eg ville helst brukt soldagen ute.



Når støvet var borte og golvene vaska, tok eg meg tid til ein inspeksjonsrunde i hagen, før eg måtte avgarde til dagens avtaler.



Knoppane på forsythiaen blir grønare for kvar dag.


Det går nok veker før det blomstrande kirsebær treet slår ut sin prakt i grønt og rosa.

Nyt vårdagen og dei små øyeblikka!

onsdag 18. mars 2009

Sliten

Etter mange travle dager med arbeid, musikk m.m. vakna eg i dag sliten både fysisk og psykisk. I tillegg var det ein vegg av skodde når ein såg ut vinduet, eg hadde store forhåpningar om sol... Det var tungt å vera til, og eg hadde vel eigentleg ikkje lyst til å gjera noko...

Eg kom meg i gang med heimatrim likevel, sykla i moderat tempo og det vart halvhjerta innats på øvelsane. I hovudet kverna tankane om det meste...

På veg til ein avtale for eg innom posten. Dama som sat i luka, begynte å spørja etter om dagens trening, kva eg hadde gjort i dag osv. ( ei badevenninne av meg arbeidar der, og me har snakka om dette før) Ho sa to tre ord om meg og min innsats. Meir skulle det ikkje til, før eg fekk eit anna syn på dagen, og humøret kom seg fleire hakk.


Eg kom til å tenkja på alle trea som veks over alt. Somme gonger kan ein lura på kva dei lever av, der oppe i fjellsidene. Dei får minimalt med næring, men tek til det dei får og veks seg store på det.
Det er heller ikkje alltid så mykje som skal til for oss mennesker, for at vi skal føla oss verdsette og sett. Eit lite nikk, eit hei eller god morgen til den vi møter på vår vei, kan bety mykje for den som vi sender nikket/smilet til.

Nokre gonger i året besøker eg nokre ungar, som har hatt ein dårleg start på livet. I dag var eg hos to søsken, 1 og 3 år. Ein kan ikkje anna enn å bli glad, når ungane møter deg med verdens største smil, og spør om vi skal gå på tur. Me 3 hadde ein fin føremiddag, på leikeplassen og hos hestane på jordet.

I ettermiddag har hatt to økter i bassenget. Eg er fortsatt sliten, men har det bedre etter dagens opplevelser og varmtvannstreningane.

søndag 15. mars 2009

Aktiv søndag

I dag tidleg var eg stiv og støl etter gårsdagens stillesitjing. Eg tok meg ein roleg morgontur med stavar, for å få litt gang på armer og bein, før ei 4 timers økt med konsentrasjon, notelesing og musikk.
Vipa var veldig aktiv, ho flaksa rundt og skreik sine varsler om å ikke koma for nær. Elles var det stille og roleg på ein søndags morgon.
Turen gjorde godt på kropp og sjel, og eg følte meg meir klar for dagens dyst.

Denne helga har eg kjent på fleire goder eg har oppnådd med å vera så aktiv:

Eg har bedre pust - klarer å spela fleire takter samanhengande
Eg er sterkare i kroppen - bruker mindre krefter på å halda instrumentet
Eg får finare og bedre toner - bedre pust og meir kraft i magamusklane
Eg klarer å halda oppe konsentrasjonen over lenger tid
Eg er stiv og støl, men ikkje utslitt etter ei slik helg


For å få gang på kroppen igjen, etter dagens timar på rumpa, reiste eg rett til stranda for å gå meg ein tur. Det var godt å få bevega på ein støl kropp, og få lufta ut alle lyder og ulyder frå hovudet.


Her og der innimellom tørre grasstrå, kunne eg sjå små grøne spirer.

Ein god og oppfriskande tur.

PS: kyssetyet har og overlevd helga, og må nå sparast til morgenkveldens øvelse....... hahaha

lørdag 14. mars 2009

MAMMA MIA

Starta dagen med ein morgontur i passe tempo. Godt å få røra på seg og få litt frisk luft, før eg tek til med ein "maratondag" , med 9 timar på rumpa.

Korpset og alle som skal delta på den store ABBA konserten om to veker har seminar heile helga.



No i kveld må trøytte kropper og såre lipper må mjukast opp att, slik at vi får lyd i instrumenta og er klar til nye timar i morgon.....


No skal føtene opp og hovudet bak........ det vil sei kvila.......

Ha ein og avslappande lørdagskveld.

onsdag 11. mars 2009

Tur på stranda

Det såg ut til å verta ein fin dag, i dag tidleg, då eg stod opp. Eg bestemte meg for å snu på "flisa", og gå meg ein tur på stranda. Sykla inne på ergometersykkelen kan eg gjera på ein regnversdag.

Då sola var på veg opp, tok eg nokre bilete frå kjøkkenvinduet. Skodde og dis ligg over landet, og gjer det heile eventyrleg,






"Tigerkatten" kjem så snart ho høyrer lyden av vinduet. Ho er forveten og må ha det meste med seg.



Det som møtte meg då eg steig ut av bilen, nede ved stranda, var ein enorm stillhet. Ingen vind, ingen havdur, og eg kunne heller ikkje høyra bølgjene som slo mot stranda.



Skodda kom og gjekk, men disen gjorde at sola ikkje fekk koma heilt igjennom.






Heilt nede ved sjøkanten gjekk eg til lyden av bølgeskvulp og måkeskrik. Eg fekk slik ein indre ro, og tenkte at i dag skulle eg hatt nistepakken med. Her kunne eg ha vore lenge.





I skoddeheimen såg eg to måker på ein stein, der dei hadde sitt morgonstell.





Ein stor flokk med Tjeld, hadde samla seg nede i fjøresteinane.

Eg trega på at eg ikkje hadde med ei anna linse, til fotoapparatet, slik at eg kunne fått fanga øyeblikket på ein bedre måte.

Eg er i ettertid glad for at eg lot meg sjølv endra på treningsprogrammet i dag. Elles hadde eg ikkje fått denne fine morgonen på stranda.


Eg har i tillegg hatt to økter i bassenget.

Første økt:

Eg trur fysioterapauten hadde bestemt seg før å "kjøra" oss hardt i dag. Ho stod på, full fart utan stopp, til musikk av Strauss og Sousa. Som vanleg var det latter og morro heile tida.

Andre økt:

Stort mannefall og eg vart utpeika til badevakt/trener. Det vart både symjing og øvelser, men ikkje så effektivt som vanleg. Vi tre damene som var der, kosa oss, i den luksus det er å ha basseng og boblebad for oss sjølv, og ikkje minst få gjera som vi vil..........
Nyt soldagen!






mandag 9. mars 2009

Sjølv om snøklokker og krokkus står i blomst, og det vår i lufta, så er det ikkje den store varmen ute. Regn/sludd/hagl i byger, gjer at det godt å koma inn att til oppvarma hus etter turar.
Eg har no begynt å sjå fram til meir varme i lufta, slik at eg kan pakka nista i sekken og dra på lengre turar.

Her på flate Jæren så er snøen borte, men ein skal ikkje langt før bakkane er kvite. Eg må nok vente til snøsmeltinga er komen litt lenger før eg tek avgårde til "mine" turstader, for der ligg nok snøen ennå.

Inntil vidare får eg bruke stranda, som eg har gjort heile vinteren.

Dagens aktiviteter:
Heimatrim - sykkel, øvelser, sykkel.
Hadde ein ny runde av same slaget, hos fysioterapauten.

lørdag 7. mars 2009

Morgontur

Det er tidleg lørdag morgon og arbeidshelg. Eg pleier ikkje å trena eller gå tur på arbeidsdager. Det var noko eg bestemte meg for, då eg la planen over mi eiga trening, for at eg ikkje skulle styra på for mykje og gå i stå.
Då eg vakna i dag tidleg var eg litt sliten, trøytt og lei. Kanskje det var "synd på meg sjølv dagen"?
Medan eg åt frukost sat eg såg utover åker og eng, der eg pleier å gå mine turar her heime.

Det var som om noko som ropa på meg der ute, og det ropet ville ingen ende ta. Eg funderte litt, og fann ut at eg hadde eigentleg ingen grunn til å ikkje gå ein tur. Tid var det nok av.
Eg kledde på meg, tok stavane med, og så var eg i gang.

Det gjekk ikkje lenge før eg kjende kor godt det var å koma seg ut, høyra på fuglekvitter og bekkesildring. Etter kvart som eg gjekk, tok vinden med seg dei "tunge" tankane, og eg blei lettare til sinns.


No sit eg her, med friske roser om kinn, opplagt og heilt klar for ein ny arbeidsdag.

Ha ein aktiv lørdag - heime, på arbeid, til fjells, til sjøs....

fredag 6. mars 2009

Pelsputer

Pelsputer er putetrekk spøda i pelsgarn. Etter at eg såg dette i eit blad, har eg no prøvd meg fram med forskjellige farger.

Lett å arbeida med, og med pinne nr 4 aukar cm fort.

(kanskje årets hit til julegaver? - vel, kanskje!)


Brun er ferdig, rød og beige omtrent ferdige, og så har eg svart garn på vent.




Garnet eg har brukt, er Funny, Sandnes garn.


Dagens aktivitet:

Heimatrim: sykkel- øvelser -sykkel.

Det går bedre og bedre med desse øvelsane, eg klarer fleire repitisjonar av det meste, og den øvelsen som verst og mest vond. "Verden går framover".

Bassengtrening. Med Petter sprellemann(fysioterapauten) på godlaget som vanlig, fyk tida og vips så er timen over. Eit stadig tilbakevennande tema er hans lange treningsbukser. Han dreg buksebeina opp på låra, fordi det er varmt, og når han høpp og sprett så dett buskeføtene ned att. Han får stadig kommentarer om butikker som sel kortbukser, eller så er enkelte lystne på å gje frå seg sine gamle utorvaksne kortbukser. Heller ikkje idag var kortbuksa på plass....... og me fekk le litt i dag og....

Eg føler eg fekk yta godt under treninga, og hadde ein god matthetsfølelse etterpå.

God fredag.