lørdag 7. mars 2009

Morgontur

Det er tidleg lørdag morgon og arbeidshelg. Eg pleier ikkje å trena eller gå tur på arbeidsdager. Det var noko eg bestemte meg for, då eg la planen over mi eiga trening, for at eg ikkje skulle styra på for mykje og gå i stå.
Då eg vakna i dag tidleg var eg litt sliten, trøytt og lei. Kanskje det var "synd på meg sjølv dagen"?
Medan eg åt frukost sat eg såg utover åker og eng, der eg pleier å gå mine turar her heime.

Det var som om noko som ropa på meg der ute, og det ropet ville ingen ende ta. Eg funderte litt, og fann ut at eg hadde eigentleg ingen grunn til å ikkje gå ein tur. Tid var det nok av.
Eg kledde på meg, tok stavane med, og så var eg i gang.

Det gjekk ikkje lenge før eg kjende kor godt det var å koma seg ut, høyra på fuglekvitter og bekkesildring. Etter kvart som eg gjekk, tok vinden med seg dei "tunge" tankane, og eg blei lettare til sinns.


No sit eg her, med friske roser om kinn, opplagt og heilt klar for ein ny arbeidsdag.

Ha ein aktiv lørdag - heime, på arbeid, til fjells, til sjøs....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar