søndag 1. mars 2009

Strandtur

Grå og vindfull dag. Likevel var lysta stor til ein tur på stranda.
Vinden hadde tørka øverste lag av sanden, Ein kunne sjå spor etter sand som hadde følgt med vinden og lagt seg i rundt, over eller i tangen og anna som låg på stranda.


Sanden var passe fast, og med vinden i ryggen var det lett å gå. Turen vart lenger enn på lenge!



Når eg snudde og gjekk tilbake, vart det straks tyngre, men ikkje verre at eg klarde å halda eit passe raskt tempo. Ein fin og forfriskade tur.

Stranda er verdens beste sportssenter!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar