mandag 27. april 2009

boblane arbeidslyst

blomstrane kirsebær - litt mørkt, eg tok bilete i dag tidleg medan det var vindstille

I dag kjende eg at arbeidslysta bare bobla inni meg, og fann ut at det må eg nytta meg av.
Morgonturen hoppa eg over, men eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har gått ned og opp trappene til kjellaretasjen, kor inngangen er - og det er jo aktivitet det og........
Eg har fått unna ein heil del, og venter no på at golvene skal tørka, så eg får lagt på teppa, før eg tek eit tak i hovedetasjen.
Når storvasken er over, skal eg inn i rollen som sekretær for min mann - eg skal avgårde å kjøpa deler til volvoen.
Han fikser/reparerer - eg ordner deler
- grei fordeling?
(det er ikkje heilt sant - han kjøper stort sett det han treng sjølv.)
den første, den røde (hahaha) amazonen er vår . Vi har parkert ved låtefoss etter ein tur til Kinsarvik i fjor.
Det er ikkje denne volvoen som treng deler, men ein litt yngre som mannen har fiksa opp.
Vi skal henta yngstemann i Molde i slutten av neste veke, og poden forventar at bilen er klar når han kjem heim.
Elles grublar eg ennå på den ideen eg fekk i går......
Sidan det gjekk så bra på turen i går, så har eg lyst å testa meg sjølv, med å ta ein tur til fjells på fredag (verforbehold).
Det blir ei større utfordring enn i går, men det hadde vore morro å klara det.
Har vore der før, fleire år tilbake, men har i det siste venta nede medan dei andre har klatra oppover lia.
Skal eg gjera det, vil eg ha med meg ein eller annan, og må få den biten på plass først av alt.
(ingen volvo eller motor på toppen - då er min mann ikkje interessert)
Fredag er 1.mai, og dei fleste har vel kanskje anna på programmet.
Eg må nok arbeida med saken, kjenner meg meir og meir gira på å gjennomføra det.......
No skrik støvekluten og vaskefilla, eg må fortsetja før det vert ein overgang....
Ha ein strålande dag!

1 kommentar:

  1. Det må være dejlig ,at have så meget energi fra morgenstunden, jeg har altid lidt svært ,at komme igang om morgenen.Hvor er de flotte de blomsterne Kirsebærtræ
    En hilsen her fra.

    SvarSlett