tirsdag 7. april 2009

Garborg om pengar


Ein kan kjøpa seg
mat,
men ikkje mathug,
dropar,
men ikkje helse,
mjuke senger,
men ikkje svevn,
lærdom,
men ikkje vit,
stas,
men ikkje venleik,
glans,
men ikkje hyggje,
moro,
men ikkje gleda,
kameratar,
men ikkje venskap,
tenerar,
men ikkje truskap,
gråe hår,
men ikkje æra,
rolege dagar,
men ikkje fred.
Skalet av alle ting kan
ein få for pengar.
Men ikkje kjernen;
den er ikkje
for pengar fal.
Frå Austlids
Lesebok for folkeskulen 1903
Garborg må ha vore framsynt, for desse orda er vel så aktuelle i dag, som då han skreiv dei.
Eg er ein av dei som skal "halda hjula i gang" i påsken, eg skal arbeida fullt og kanskje vel så det. Det vert av og på med blogginga.
Vil ynskja alle God Påske.

2 kommentarer:

  1. Eit av dei finaste og sannaste dikt eg veit om. Har brukt det i eit innlegg sjølv ein gong for lenge sidan.
    Her på bloggen din seinkar eg skuldrene og kjenner meg heime, me er visst tvillingsjeler eg og du...

    Ha ein fin kveld :)

    SvarSlett
  2. Han var ikke dum, han Garborg!

    SvarSlett