mandag 13. april 2009

Kjervall

Vi køyrde litt forbi Egersund, for å finna dagens turmål. Ein plass eg er veldig glad i. Her kan ein og finna same roen som på stranda, gå i sine eigne tankar, lytta til fuglesang og høyra på vatn som sildrar.

Det regna meir og meir til lenger sør vi kom, men med god temperatur og vindstille, så er litt regn ingen hindring.

I mellom fjella er det nokre gamle nedlagde gardsbruk, som i dag vert brukt hytter. Veiene her er merka og nedteikna på turistforeninga sine kart.



Gardstunet på Kjervall


regntungt tre


mange av trea er gamle, har merkelege fasongar


dei har mose på



Vi går litt vidare innover på grusvegen


først gjennom tett barskog


her veks små kløverblad innimellom mose og kvist


vi kjem inn i litt opnare lauvskog


forbi små vatn



flott mose på stein


Hit, men ikkje lenger, ville føtene bera oss i dag. Bak denne grana er eit stort vatn, bak vatnet er eit fjell, og bak fjellet....... ja det får du veta om du tek turen sjølv, ellers så må du venta til neste episode - den dagen eg kjem meg innover til Hustoftdalen......

Vi gjekk kun ein liten bit, av turen inn til det bruket vi besøker mest. Vi kjenner grunneigarane, og pleier vanlegvis ha ein bil med innover. Det er i forkant av ein slik tur, så uforusigbart kor langt mine føter kan gå. Bilen er til bruk når det trengs og ein trygghet for meg, slik at eg kjem ned att til alfarveg.
Vel tilbake, åt vi nistepakka i bilen - det var den einaste tørre plassen vi fann....

3 kommentarer:

  1. For ein fantastisk plass. Bileta var nydelege om viste ei god og lun stemning.

    ha ein fortsatt fin kveld

    SvarSlett
  2. Så flott tur de har vore på!
    Nydelege bilde :)

    Eg har også vore ute på tur i dag saman med dotter mi og kjærasten hennar. Me gjekk til ein plass her på Bokn som heiter Boknahåve. Turen går gjennom utmark og i ganske kuppert terreng og tar fire timar. Dei unge er slanke og langbeinte, noko eg ikkje er så eg hang nå litt som eit haleheng, men me hadde ein kjempefin tur! Veret var fint, blikkstille og med eit lett skylag der sola varmde gjennom. Utpå ettermiddagen kom regnet her også, men då var me vel heime igjen.

    SvarSlett
  3. Ser du har hatt ein flott tur i dag!!
    Likte spesielt godt det bilde av rota med mose på...

    Klem Ada

    SvarSlett