lørdag 4. april 2009

Solrenning

Sola var på veg opp bak åsen, i det eg sat ved frukost bordet i dag tidleg. Etter at vi saga ned dei store stygge grantrea som stod rundt hagen, har vi fått ein flott utsikt frå vårt kjøkken.

Ei vakker morgonstund.

Ei stor og rund sol, som gjev lys og varme til ein ny dag.

Etter frukost gjekk eg meg ein tur, for å nyta denne fine morgonstunda.


Eg var ikkje komen langt avgårde, før eg haurde mjauing oppe i bakken. Der kom katten i full fart, for å vera med meg på turen.


Duggvått gras i morgonsol.

Katta la seg ned å venta, når fotograferinga tok for lang tid.


Katten sprang i førevegen, men bare inntil ein viss lengde framfor meg, så venta ho til eg kom fram til henne, før ho sprang vidare.

Steingard, åker og eng i morgonsol........

Nyt dagen og dei små øyeblikka!

2 kommentarer:

  1. Steingard, åker og eng i morgonsol, kan det vere vakrare?...

    Bloggen din er berre så vakker. Eg håpar at fleire får augo opp for han...

    Ser at bilda ser ut som om dei er tatt på Jæren. Eg har ein god del slekt på Nærbø. Er du kjent der?

    God helg :)

    SvarSlett
  2. Kjende du Borghild og Toralv Are (det er nokre år sidan dei døydde)? Eller kanskje nokre av etterkomerane deira? Både Borghild og Toralv kom frå Bokn. Borghild var søster til far min og Toralv var bror til bestemora til mannen min. Toralv jobba i årevis som handelslagsbestyrar på Nærbø.

    SvarSlett