onsdag 6. mai 2009

Ei sterk oppleving

Dagen starta med ein tur på stranda. Det bles ein kald vind, og havduren var sterk. Tunge mørke regnskyer hang lågt på himmelen.

Eg gjekk i bølgekanten, og måtte fleire gonger springa unna, fordi bølgjene som kom inn, dei rulla langt opp på stranda.



Eit par gonger kom sola gjennom


Har og hatt ei god økt i varmtvatnbassenget - herligt.
Etter økta i bassenget, var eg innom coopen å handla. Der hadde eg ei oppleving som gjorde sterkt inntrykk på meg.
Eg oppdaga at ein av mine tidlegare medelevar, (som eg ikkje har sett på mange år), sat forkomen i ein stol på veien inn til matbutikken. Me har aldri hatt noko særleg kontakt, me hadde forskjellige interesser og gjekk kvar våre vegar.
Denne dama hadde nok ikkje dei beste oppvekstvilkåra, og havna vel nokså snart på "kjøret".
Der sat ho altså, med ein del blad som ho skulle selgja. Dette er eit blad dei må kjøpa til 25kr, for å selja dei vidare til 50. Mellomlegget er deira lønn...
Eg hadde haurt om at bladet "asfalt" var i produksjon. Eg hadde ikkje forventa at det ville selgjast i mi bygd, men i Stavangerområdet.
Eg har lenge kjøpt =OSLO, når eg var i by'n, og veit kva det handler om.
Medan eg betalte, studerte eg ei anna dame som snakka med avis selgjaren. Eg må sei eg vart skuffa over damas måte å vera på. Eg syns synd på seljaren, ein kunne sjå det på heile henne - at dette var vanskelg for henne og at når ho blei avvist på den måten var det tungt å vera der ho var.
Eg gjekk bort mot henne, og ho kjende meg att. Ho sa:" hei, og du går vel ikkje forbi meg utan å kjøpa bladet?"
Bladet vart kjøpt, som eg hadde planlagt. Eg snakka to tre ord med dama, og sa tilslutt til henne at eg tykkjer dette er eit veldig bra opplegg.
Det smilet som møtte meg var bare så stort.
Ennå svirrar det heile i hovudet mitt, kor tøff ho eigentleg er, som torde stilla seg opp for å selgja denne avisen, i si eiga bygd - den bygda som har sett ned på henne i mange år.

Denne rosa er til min tidlegare medelev, som i sitt elende likevel er så tøff at ho gjorde dette i dag. Det skal ein sterk rygg til å klara det.

Eg har lenge hatt sansen for dette opplegget, dei får eit arbeid å gå til, og får litt pengar å rutta med.

Mi oppfordring må då verta: La ditt smil gjera ein annan glad, ein kjenning, ein nabo eller ein heilt ukjent. Det kan bety så utruleg mykje for den som får gleda av din vesle oppmerksomhet.

1 kommentar:

  1. Først, fine bilder fra sjøkanten i dag i litt variert vær. Det er en flott opplevelse å være der når det blæs.
    Må sei meg enig med deg i at hun er tøff som stiller opp på et så pass lite sted med bladet. Kan jo vær at hun tenkte de fleste var som deg.
    Det var jo å ønske at det var et behandlingssted for alle som ønsker det, Men desverre er det ikke det, og alle er heller ikke klare for behandling.
    Ønsker deg en god kveld :)

    SvarSlett