mandag 25. mai 2009

matlaging og test

Her går det unna med turar, vanngymnastikk, symjing osv. Vi har mykje morro i lag, og latteren er aldri langt borte. Frøken 3 F og baker harepus har alltid ein god kommentar på lur, til stor glede for alle oss andre.
Dei neste 5 vekene, skal vi fordelt på to grupper, lage vår eigen middag. Emmeline, 3F og eg fekk æra av å laga første middagen på gruppe 1.
Vi får utdelt nøye berekna mengde, som igjen skal delast på 6 personar alt etter kor mykje den enkelte skal ha. Her skulle vi jammen hatt ei kuleramme....
På menyen i dag var det seibiff med løk, grønsaker og potet. Ein enkel rett å laga, og med 3 kokker vart det ikkje mange oppgåvene på kvar.
Alle var fornøgde og vart godt mette. Mannfolka kunne kvila middag både før og etter mat, men neste veke er vi damene som har den goden....

På treningsfronten har vi gjort mindre, kun eit par turar.

På timeplanen var det i dag diverse testar. I styrketreningsromet gjekk vi laust på apparata med stor iver. Vi skulle gje alt og notera ned høgaste motstand vi kunne klara ein gong, på kvart apparat. Dette skal danna grunnlaget for framtidig styrketrening.

Resultata på andre testar går for min del i rett retning. Bare ved at eg har gjennomført min morgonturar og hatt mine timar i bassenget, har både pust og kondisjon blitt bedre. Som eit resultat av all treninga har og vekta gått ned......

--- og enno er vi bare i startsgropa på dette opplegget..........

3 kommentarer:

  1. Høres ut som et opplegg jeg burde har vært med på ja. Men jeg får prøve å slite meg ut på tur her heime. Her regner det i dag, og da er det enda værre å komme seg ut.
    Seibiff med løk er godt.
    Ha en fortsatt god dag :)

    SvarSlett
  2. Kjekt å følgje meds det korleis det går :-) Synest du/de er kjempeflinke! Kjekt å lage middag i lag med nokon....

    SvarSlett
  3. Så flinke dåke er! Med Emmeline rundt deg blir det nok mye smil og latter. Hu er ei solstråla.

    Lykke til videre!

    SvarSlett