onsdag 13. mai 2009

På strandtur igjen/ on the beach again

Det er nå ei veke sidan eg var på treningstur i naturen.
Merkeleg kor fort kroppen tek eit steg tilbake, når han ikkje får sin vanlege dose med bevegelse.
Kroppen hadde helst lyst å vera makeleg, og fortsetja det "gode" stillesitjande liv, men hovudet ville noko anna.
Det er fort gjort å koma ut av ein god rytme, men eg bestemte meg allerede i går kveld, at i dag måtte det bli tur.
Det var flott ved stranda i dag, lite vind, rolege bølgjer, og lite folk. Altså ei god stund til å få senka skuldrene og blåsa ut litt "bysnusk" (:-) ) og andre lyder frå hovudet/øyrene...


Når eg går så ofte på stranda, vert det tilslutt litt vanskeleg å finna nye ting å fotografera. Sjølv om det er ingen like dagar på stranda, er ikkje alltid like enkelt å få det fram med eit bilete.


Om eg gjentek meg sjølv, så får de bare ta det som det er.....


Eg var tidleg ute, så morgondoggen hang som skinande perler på blomar og strå.


Eg la merke til at alt var blitt mykje grønare i løpet av den siste veka, små planter stakk opp frå sanden og mellom dei store grasstråa.



Ein tur i varmtvannsbassenget vart det og. Fysioterapauten, ho haldt farten oppe, med mange sukk og stønn frå badenymfene. Eg lurde på om ho skulle ha alle inn i bikini før sommaren....

3 kommentarer:

  1. Så flott en strandtur du hadde her!! Går mye ned til fjorden jeg også, ser altid noe nytt. Det er spennende og godt for kropp og sjel ja. Har endel plager og skader i kroppen, så en må jammen holde seg igang. En taper seg bare etter noen dager, og da er det så slitsomt og sette i gang igjen.

    :))

    SvarSlett
  2. Godt at du holder ved, jeg må også have genoptaget gåturene :-)

    SvarSlett
  3. Syns du er utrolig flink til å få tatt deg slike fine turer. Men ja, jeg kjenner til problemet. Helt greit nåår en er inne i en peroide med å gå turer ofte, gjerne hver dag. Men så snart en slepper av litt er det mye værre å komme i gang igjen. Men du er flink.
    Nydelige bilder også. Strandnelliken er flott.
    HA EN GOD TORSDAG :)

    SvarSlett