mandag 22. juni 2009

Mandag

Det er mandag, og vi er igang med ei ny aktiv veke. Den siste heile veka på dette opphaldet.
Fleire er no sletne etter stor treningsmengde over lang tid. Noko som ein kunne merka godt i helga, då fleire tok det med ro, og bare slappa av.

Det skal bli godt å koma heim, men samtidig kjem tankane om kor trygt og godt me har det her. Heime skal me stå på vidare, og må sjølv arbeida oss gjennom dei motbakkane som kjem. Enkelte har så smått begynt å planleggja korleis ein skal forsetja å vera aktiv heime.
Målet er jo at vi skal oppnå betre resultat innan vi kjem tilbake hit, i slutten av oktober.


Mandag etter morgonturen, må vi ein etter ein inn på testlabben, for å sjekka korleis vi har gjort det siste veka.
Mandag vert difor ein dag med mange følelser, alt etter resultat.


Matlaginga på hyttene er no over - heldigvis. Emmeline, Frøken 3F og eg, var den siste middagen gjester hos kokken, bakeren og stuerten i nabohytta.

Det vart eit morosamt bordsete, med diskusjon rundt mange tema som vanleg, men denne siste er nok ein av dei samtalane som vil verta hugsa best.


Vi er no godt i gang med endringa for å få bedre helse og ein lettare kvardag. Ei endring som skal skje over tid, med små steg om gongen.

Har du lyst å gjera ei endring i ditt liv? Det er opp til deg, det er du som må gjera arbeidet.

Kanskje nettop dagen i dag, er akkurat den dagen du bestemmer deg for å gjera ei endring i ditt liv.

Ha ei fin og aktiv veke!

4 kommentarer:

  1. For noen herlige bilder. Blikkstille vann, ikke mye som slår det.
    Ja det er bare opp til hver enkelt å gøre en forandring på livet sitt.
    Prøver, men det er ikke lett. Men tar små steg om gangen for at forandringene kanskje skal gli litt lettere inn. Håper det.
    Ønsker deg ei god siste uke av oppholdet :)

    SvarSlett
  2. Hei,

    det første bilde var nydelig !
    De andre var fine : )

    Hade.

    SvarSlett
  3. Thank you Chua Pin.
    I am sorry that I do not write in english too. Because of the bad line, and the internet connection which suddenly dissapear, I have lost the the text some times. I am very happy when I have done one text, and can publish it.

    Takk for fin kommentar, Fjordheim og Nyperosa.

    SvarSlett