onsdag 3. juni 2009

rapport frå Sogn

Det er igjen på tide med ein liten rapport frå staden mellom fjell og fjord.

Dagane går og vi har mangt å gjera,
sportslege utskeielser og teori læra.
Sykkel, symjing og tur,
med eit lite smil på lur.

vi puster og peser
hoster og freser
leiarane pusher på
farten er ganske rå
Middag laga på maizena og olje,
ofte i form av røykt kolje.
Kotelettar på fat
dandert i saus av tomat.

dessert får vi ganske sjelden
bare ei gong i helgen.
Vert då meir populær
is i "fingerbøl" - ein porsjon her.

Så sit eg her og ventar
på at maskinen hentar
eit bilete frå mitt arkiv
men det tek jammen tid

4 kommentarer:

  1. Ja du kan visst meir enn å ta flotte naturbilder. Det var et morsomt dikt.
    Ha et fortsatt flott opphold og kos deg med isen i fingerbøl :)

    SvarSlett
  2. Jammen er du lyrikar også ;-) Og ingen klaging heller, flink jente!

    Keep up the smiling!

    SvarSlett
  3. Nydelege bilde i dag også!
    Og så kan du dikte også, så koseleg måte å fortelje på :)
    Burde visst gått på dietten din ei stund eg også. Eg var så flink ifor, men no har vektnedgangen stoppa heilt opp. Det er så mykje som freistar ei svak sjel som mi...

    Lukke til vidare :)

    SvarSlett
  4. Hvor er det skønne billeder du har taget og et skøn lile dikt
    Hilsen Conny

    SvarSlett