mandag 8. juni 2009

Steinen

Rundt området her er turmulighetane mange, men uansett kor ein går, så går det oppover.
Eit av turmåla er "steinen". Frå bilveg til steinen, er opp, opp, opp. For ein jærbu som er vandt til å gå på flatmark, vert det ei utfordring til å gå i bakkane her.

Steinen

Eg sleit meg oppover til "steinen" her om dagen. Det var brattare enn eg såg for meg, pusten gjekk tungt, men når ein tek tida til hjelp går det meste bra.


Steinen var ikkje stor, men låg på eit platå, med utsikt over dalen. Når ein først er komen hit, kan turen gå i fleire retningar, vidare oppover eller andre ruter ned att.

Eg valgt å gå gjennom skogen ned att. Eg veit ikkje om det var det luraste valget eg har gjort. Eg hadde ein sverm med fluer som turfylgje nedover......

Innimellom trea var det opningar der ein såg ned mot sjøen.

Vel tilbake var eg godt sliten og fornøgd med gjennomført tur.

Kan henda eg går denne turen ei anna gong og.... men ikkje i morgon......

4 kommentarer:

  1. " Min venn Steinen ".

    Det er så "in" å
    " hug a tree "

    Gi Steinen en klem
    fra meg neste gang ; )

    Stå på !

    SvarSlett
  2. Flott terreng å gå tur i :)
    Det er tungt å gå oppoverbakke, men ein får løn for strevet når ein ser utsynet :)

    SvarSlett
  3. Det må være hårdt, hvis du skal helt op på toppen,meget skønne billeder du har taget.

    SvarSlett