fredag 3. juli 2009

Eg er no vel heime og kvardagen har så smått begynt å henta meg inn att. Som elles i landet har varmen slått seg til ro på desse kantar og, noko som viser igjen på buskar og tre.
Gjekk meg ein liten runde i hagen no i kveld. Ikkje mykje som blomstar no.



klokkebusk

jasmin


klokkebusk
Fleire kveldar har familien høyrt på ein fugl som kvedar sine vakre triller. Ut i frå lyden har dei ikkje funne ut kva fugl det var. Ein kveld sette han seg på løetaket, og har sidan hatt sine stunder på taket kvar kveld.
Storspoven er vel ikkje den fuglen ein tenkjer først på, å finna på løetaket!?!
Bileta eg tok frå terassen, er ikkje heilt skarpe, men eg tykkjer dei er litt artige å ha med.
Som folk flest er eg og medtatt i varmen, og trivst best i skyggen, allerhelst heilt i ro.
For at det ikkje skal skli ut med treninga, starta eg trass i varmen i dag tidleg opp med aktivitet.
Eg hadde meg ein lang og varm sykkeltur - inne.
Om det skyldes varmen eller for lite væske er uvisst, men eg vart uvel etterpå. Litt kvile og mykje og drikke gjorde susen, og eg var snart på føtene att.
Kanskje ein ide å ta ei litt rolegare økt i morgon tidleg.

3 kommentarer:

  1. Flotte blomster hos deg selv om du meiner det er lite som blomstrer. g har ikke mye greie på fugler nei. Men det er litt spennende å finne ut hva en ser syns eg.
    Ja det kan være litt tøft med ei hard treningsøkt i varmen. Håper det går bedre med deg i morgen. En går vel nesten ned i vekt bare med å sitte i ro og svette nå hehe.
    Ha ei flott helg :)

    SvarSlett
  2. Det er iallefall fint det som blømer :)

    Eg såg nok ikkje at du vinka nei, du skulle kome innom veit du :)

    Eg jobbar i varmen, må seie det har vore ganske "heise". I kveld derimot var det herleg å sitte ute til klokka ti utan å fryse. Har hatt besøk, me har grilla og kosa oss.
    No treng me verkeleg vatn før både avling og hage tørkar opp. Det er delvis vatningsforbod her så eg må vatne med måte. Amplar og krukker må få, medan roser og stauder får klare seg til eg ser dei gulnar...

    Så får me drikke mykje vatn og halde oss i skuggen så sant me kan til temperaturen kjem under 20 gr igjen. Det har vore mellom 26 og 28 midt på dagen den siste veka, litt i meste laget for meg. Ønskjer ikkje å klage eigentleg eg har lengta etter varme, det låg lenge på 12-14gr. 18-22 hadde vore passeleg for meg.

    God helg :)

    SvarSlett
  3. Å trene i varmen kan vere ei utfordring, så eg gjer det enten seint på kveld eller tidleg om morgonen. Men det er mykje god trim i plenklipping m.m. også, eller ein symjetur i sjøen? (Her blir det berre ørsmå turar innmed land på meg, har litt skrekk for alt skummelt som sansynlegvis kjem og skal ta meg ;-))

    Håper du finn alternativ som ikkje gjer deg uvel, for DET kan ta livet av all lyst...

    Ha ei fin helg!

    SvarSlett