torsdag 9. juli 2009

På stranda/ on the beach

Medan svetten siler, etter ein lang tur på "innesykkelen"og påfølgande situps, prøver eg å samla tankane om ein fin ettermiddag på stranda.

Eg fekk "låne" meg ei lita jente, nokre timar i går. Tur til stranda for å lage sandslott, det var det vi skulle.

Sola skein, men vinden hadde auka på.

Bølgene slo stadig innover strand og mot stein, og somme gonger var sjøsprøyten høg og dråpane for langt i vinden.

Sanden stakk i ansiktet, der den for avgårde i vinden sine kraftige tak.


Det var umulig å finna ein vindstille og roleg stad på stranda. "Byggherren" var igang så snart vi kom ned til vatnet.

Ikkje så lett å vera byggmeister når sanden er tørr og vinden tek byggverket - til og med før det er ferdig.

Me starta på ny med våt sand


og fekk endeleg eit byggverk som var litt holdbart...

Jenta ville at det skulle bli eit ansikt, men desverre så ville vinden det slik at "hår, munn og auger" fauk vekk etter kvart.


eit hjerte i sanden, vart det neste...

men jammen trur du ikkje at vinden og bløgjene auka på, og brått var heile hjertet og borte...


Å vera i byggherre i sjøkanten, denne ettermiddagen var ingen lett oppgave, så me gjekk tilbake inn imellom sanddynene.


Her sanden tørr og nesten umuleg å byggja med, men det var ingen hindring for den vesle jenta.


Litt blomar og grasstrå (som og for med vinden tilslutt) fekk pryda huset i sanden.


Trass i vind og mange øydelagde byggverk, kosa vi oss lenge.
Kjekke timar i lag med ei koselig lita jente.

På veg heim kjøpte me is, før eg avleverte ei jente som var lykkeleg og glad
- men langt i frå rein.....

Herlegt å få låna slik små innimellom... :-)


4 kommentarer:

  1. Jeg får helt lyst til strand og sandleg, det er en gave at få lov til at være med i et barns leg :-)
    Ha en god dag :-)

    SvarSlett
  2. Ja det er mange utfordringer en møter, Ikke lett å bygge i og av sand nei.
    Men det viktigste er jo at dere hadde en flott tur på stranden.
    Ha en god dag :)

    SvarSlett
  3. Koseleg litan illustrert historie du har laga :)

    Eg er så heldig å få "låne" slike små kvareinaste dag på jobb og stortrivst med det. Seinast i dag laga eg sandhus og i går var det fjell med tunell for då var sanden våt :)

    Kos deg vidare med "lånebarna" dine :)

    SvarSlett
  4. Gløymde å forklare vegen til meg. Når du køyrer av ferja i Arsvågen køyrer du sånn ca 5km så kjem du til eit kryss der du køyrer frå eller til vestre Bokn. (Når du kjem sørfrå blir det til venstre.)Du kjem inn på Føresvikvegen, du følgjer vegen til du kjem til nr 74, deretter er det ein liten vegstubb ned til vårt hus.

    SvarSlett