mandag 31. august 2009

Stolt, men kanskje med eit par sommarfuglar i magen...

Eg må sei at når eg i går fekk ein melding, med spørsmål om å bruka eit par av mine bilete, så vart eg stolt, men kjende samtidig at hjarta banka litt raskare.
Det var min blogger og facebookvenn Su Chua Pin frå Malaysia, som spurde. Han var litt lite meddelsom då eg spurde kva han ville bruka dei til.


Når eg i dag opna facebook og blogg, må eg sei at eg vart overraska, og litt varm om hjarta...
Chua Pin skreiv teksten for ein del år tilbake
tenk at han ville bruka mine bilete......
Chua Pin har aldri vore i Norge, men er fasinert over våre nåletreskogar - difor har eg i dag plukka ut nokre skogsbilete.
Han er ein dyktig fotograf, og har ein fin blogg.
...............
Ferien er over, kroppen min er okei, og eg skal igjen ta fatt på mine treningsøkter og arbeida mot neste mål.....
I dag som i går, bytta eg ut kameraet med stavane, på min tur på stranda.
Likar eigentleg godt å gå med stavar, føler at eg får meir effekt utav turen...
I dag var det då heller ingen vits å dra på kameraet - det regna og bles
regnkleda var godt knytta igjen, og eg hadde bare ein liten glugg til å sjå ut i..
det var nå ikkje så mykje eg såg, dogg og regn saman med briller er ein dårleg kombinasjon.
Tross alt, ein god start på ei ny veke.
Om litt skal eg pakka sekken, og gjera meg klar for dagens første av to økter i bassenget -
først hopp og sprett med fysioterapaut, seinare symjing.

Ha ein fin dag!

søndag 30. august 2009

endeleg på tur igjen....2

Det er tidleg søndag morgon, og eg er på tur i gjen. Det er bare fuglane og eg på stranda i dag.
Så herlig å gå der å lytta til naturens lyder....

Bileta er frå gårsdagens tur.....
Kanskje det fargespelet eg snakka om i går, kjem betre fram på desse bileta.
Eg starta på Refsnes...
i denne vika mellom Refsnes og Nærland er det ofte mykje fuglar
det viser nok ikkje på biletet, men på nesten kvar ein stein utover, sit det fuglar...

eg er fasinert av stein, sjø og bølgjer

så er eg komen til Nærland - strendene ligg på rad og rekkja her


plantene har begynt å endra farge


eg vert aldri lei av å sjå på bølgjene som slår mot stein og strand....

mange blåfargar her - vakkert...

Ha ein fin dag!

lørdag 29. august 2009

endeleg på tur igjen....

Etter fleire dagar i ro, var eg i dag endeleg klar til å gå på tur igjen.
Heilt frå eg stod opp, regna det mykje, men når eg var klar til å gå, kikka sola fram.
Litt for optimistisk kanskje, men eg drog avgårde utan regnklede.
Store dråpar og kraftig vind, var det som møtte med ved sjøen...
jaja, eg "beit tennene saman" og starta på min runde, det gjekk ikkje lang tid for eg var gjennomvåt....

det vart mørkt, grått, kaldt og vått
bølgjene slo inn mot stranda, kraftfullt og ofte

bølgjene har teke med seg litt av kvart, på sin veg...
glassmaneter låg det over heile stranda

denne skapningen har eg nettop lese om i avisa, men kan ikkje hugsa kva
det er..

slike planter låg der og mykje av, langs heile sjøkanten



fuglane kosa seg i sjøkanten - eg såg mange fuglar i dag



etter kvart slutta det å regna


dei svarte skyene trakk seg litt unna


då får med eitt hav og natur andre fargar




eg tykkjer det er spennande å sjå korleis fargespelet endrar seg i lys og "mørke"



det viser nok ikkje så godt på bileta



du får ta deg ein til stranda ein uversdag, så får du oppleva det eg prøver å beskriva her....


vått og flott med sjøen i dag...

fredag 28. august 2009

Glutenfrie knekkebrød

Eg var innom lenemora sin blogg her om dagen. Ho hadde baka seg knekkebrød.
Eg fekk ei oppskrift på glutenfrie knekkebrød, for lang tid sidan, og har sidan ikkje hatt lysta til å baka.
Etter besøket på lenemora sin blogg, fekk eg lyst til å ta fram oppskrifta og setja igang.
Nå er det nå eingong slik, at glutenfritt i alle variantar får ein ikkje kjøpt på "kvart eit hjørna" - eg måtte først avgårde til nærmaste helsekostbutikk.
I dag var eg heilt klar, med alle ingrediensar på plass.


GLUTENFRIE KNEKKEBRØD
3,5 dl. sam. bokkveitemjøl (el. grov rug ved ikkje glutenfritt)
3,5 dl glutenfrie havregryn
2 dl solsikkekjerner
1,5 dl sesamfrø
1 dl sukkerroefiber (1 dl kruskakli ved ikkje glutenfritt)
0,5 dl linfrø
1 ts salt
1 buljongterning
7 dl vatn
Alle ingredienser blandes (2 dl av vatnet kokes og blandes ut med 1 buljongterning)
Glutenfri deig kan stå en liten stund, før den smøres ut på brettet.
Bruk slikkepott til å bre røren ut på 2 plater med bakepapir
Stekeovn settes på 160grader C varmluft
2 plater stekes samtidig - tas ut etter 10 min og skjæres opp ( ca 4 x 4 cm)
Stekes videre 34 - 40 min.
Ta ut knekkebrødene som er ferdigstekt, og sett inn igjen de bitene som event. ikke er det.
Knekkebrødene avkjøles på rist (fjern bakepapiret)

eg vart positivt overaska - det smaka veldig godt....

Ha ein fin fredagskveld.

torsdag 27. august 2009

Rognebær

Rognebæra røde og fine.
Mangt er sagt om desse bæra...


høgt heng dei og sure er dei.....
sa vel reven i eit eventyr...

ei raudn kan ikkje bera to bører, sa dei her på desse kantar
med det meinast at når raudn hadde mykje bær, så vart det ein snøfattig vinter...

eg har og høyrt nesten same verset, med ei anna betydning,
når rognebærtreet har mykje bær, er det mykje mat til fuglane og det vert ein snørik vinter



uansett, flotte og dekorative er dei


under treet på ein stubbe,
ein liten dekorasjon i seg sjølv.....

onsdag 26. august 2009

Det går mot haust....

Sjølv om vi ennå har sommarferie, og har liten følelse av haust, så går det klart den vegen.
når eg ser på blomar og tre i hagen (dei som har overlevd gravinga) så er det ikkje lenger tvil om kva veg det går...

blomane begynner å endra farge, mot grått og brunt...


dei heng og litt meir med hovudet

eit epletre har fått stå, og har i år vist at det er poda, med to sortar eple på greinene

"stankelbeinen" er på plass, som kvar seinsommar

ringblomen har gjort sitt dette året....
........
Eg for min er glad for at det går mot haust, og at lufta vert kaldare, slik at eg kan verta meir aktiv igjen.
I ferien var vi i Tyskland, der gradestokken viste over 30 grader så og sei kvar dag. Eg vart innaktiv, kroppen likar ikkje slik varme. Det største problemet mitt er føtene. Eg får store smerter og blemer når eg går i varmen.
Dagane heime etter ferien har vore vonde, og eg har sete mykje stille.
Når eg gruer meg for å gå over stovegolvet, vert det helst til at eg vert sitjande.
Derfor ser eg fram til kaldare dagar og at føtene blir betre, slik at eg igjen kan gå mine turar i naturen.
I dag gler eg meg over at eg kan gå i bassenget, til og med to gonger.....

tirsdag 25. august 2009

Endeleg skjer det....2

Dag 2, og maskinføraren er igang med det mest spanade arbeidet..,

stein på stein blir lagd tett i tett

han løfter opp ein stein, studerer han nøye, og legg steinen ned i rekkja

fantastisk å studera ein som verkeleg kan dette arbeidet...


så langt var han komen, då vi starta bilen og tok avgårde på ferie..
vi fekk stadig rapportar om framgang og korleis det såg ut,
men sjølvsagt var vi veldig nysjerrige på heilheten.
maskinføraren gjorde seg ferdig dagen før vi kom heim
og slik vart resultatet



her har han bruka den kilte steinen som låg rundt hagen frå før

bossdunkane fekk ein bedre og litt meir stabil plass



no vil ikkje lenger sand og jord siga ut



me vart veldig godt fornøgde med resultatet


litt arbeid står att til oss
stein har min mann raka saman og køyrt bort


buskar og blomar kjem etterkvart - til neste år
men graset skal såast i ganske snart
Ha ein fin dag.

søndag 23. august 2009

Endeleg skjer det....

For eit par år sidan, starta vi arbeidet for å få ein bedre hage.
Fram til no, har vår hage vore slik som terrenget var, den gong vi bygde huset.

Grantrerekka bak huset, stod heilt ned til vegen, og vi brukte eit par vårar på å få dette arbeidet gjort.
Utruleg kor mange tre som eigentleg stod i den rekkja, etter som eg kan minnast så har vi nok allerede her, saga ned mellom 30 og 40 tre. Vi har ved til fleire vintrar.

her går dei neste 20

han som skulle gjera gravearbeidet lova å koma tidleg i vår, og vi drog opp buskar for å gjera klar til neste steg på endringa

vekene gjekk og ingen kom, men dagen før vi drog på ferie, dukka han opp....


eg var ute og tok nokre "før" bilete, tidleg om morgonen, før han tok fatt på arbeidet


vi har gjort lite i hagen denne sommaren


grusen har vore klar ei tid....



endeleg er han i gang....




han var veldig effektiv når han først kom...

store røter må bort

drenering for regnvatn



dag 1 er over

vidare arbeid og resultat kjem i neste "episode"