lørdag 15. august 2009

Bitburg, Tyskland

Turen frå danske grensa til Bitburg i Tyskland, tok kortare tid enn vi hadde rekna med. Vi var heldige og slapp unna alt som var av køar på autobanen. I motsatt kjørefelt stod bilane på rekkje kilometer etter kilometer....
Bitburg ligg nesten på grensa til Luxemborg, ein by med 25000 innbyggjarar der ca halvparten er amerikanarar i ein amerikansk base.
Byen er bygd opp rundt det største privateigde bryggjeriet i Tyskland, Bitburger Brauerei.
Våre venner har venta lenge på denne dagen, og gleda var stor då vi endeleg var framme.
Som vanleg var stod maten klar i grytene, bare litt oppvarming og vips stod eit herleg suppemåltid klar på bordet.


Vi har lenge budd privat hos våre venner, men har dei siste gongene valgt å bu på hotel.
Her hos Louis Müller trivst vi godt. Eit lite og "familiært" hotel. Herr og fru Müller kjenner oss igjen frå kvar gong, og har alltid tid til ein drøs innimellom.

I restauranten har dei denne glaskunsten, om ein studerar bilete så kan ein sjå ei "forteljing" om slaktaren.

Hotellet ligg i gågata



her er vanligvis eit yrande liv, dag og kveld...



litt ovanfor hotellet ligg ei av dei mange kyrkjene i byen. Denne er katolsk


kyrkjeklokkene ligg midt i gågata og slår ganske ofte


Bitburg var i si tid ein festningsby. På eit eller anna tidspunkt vart byen omringa, av fienden.
Inne i byen var det lite tilgang på mat, noko som fienden hadde tenkt å utnytta. Fienden klarte ikkje å ta seg inn i byen, og tenkte at om dei venta litt, ville folket verte så svoltne at dei måtte gje seg.

folket hadde ikkje meir mat igjen, dei siste geitene var slakta
eit lyst hovud fekk ein ide og det er det denne skulpturen skal visa..
dei tok skinna av geitene og hadde dei over barna, som kraup rundt på festningsmuren, dag etter dag. På den måten lurte dei fienden til å gje opp, og byen vart berga.
.....
Det var litt om Bitburg, ein by vi har blitt glad i......
og fordi vi for 23 år sidan var vertsfamilie for nokre folkedansarar, har vi og fått mange venner her...

1 kommentar:

  1. Der se hyggeligt ud i byen...dejligt med gode venner udenlands...

    SvarSlett