onsdag 12. august 2009

Bov, Danmark

Dagen har gått med til å reise, først med ferja over til Danmark, og deretter i bil gjennom Danmark til den tyske grensa.

Vi har køyrt på motorvegen heile tida, og kun hatt korte stopp.

Det danske lanskapet som vi såg frå vegen, var stort sett store kornåkrar som som klar til å skjærast. Skuren var såvidt igang eit par plassar.

blå himmel eller store svarte skyer - og det svinga mellom solskinn og regn.




Vi ankom vår overnattingstad - Bov Kro i Bov, litt utpå ettermiddagen.

Vi har valgt å ha ein kort reisedag i dag, og vera utkvilte til ei lang reis i morgon.




Rett over vegen for Bov Kro, ligg Bov Kyrkje, ei stein kyrkje frå 1908.

Det første vi haurde då vi steig ut av bilen, var kyrkjeklokkers klang, og vår son lurde på om eg bevisst hadde bestillt overnatting ved sida av kyrkjer....


Eg gjekk meg ein liten tur, for å finna nokre motiv for innlegget.
Det vart litt blomar


eit typisk dansk hus
.

og ein allè full av store tre



overfyllt med frukt

etter størrelsen ser det ut som moreller, men eg er ikkje sikker...
....
Nå er det like før middagsservering inne på kroa.
Når ein er avhengig av ein spesiel diett, er det alltid med spenning ein går til bords på ukjente stadar. Dei har lova på førehand, at glutenfri mat skal dei ordne.
Me håper på ei godt glutenfritt danskt måltid!

6 kommentarer:

  1. Herlege bilete! God tur vidare :-)

    SvarSlett
  2. Høres ut som en deilig ferie. Elsker Danmark!
    Kroa så flott ut, og er sikker på at dere får tak i glutenfri mat.
    Kos dokker.
    Klem

    SvarSlett
  3. Takk for det.
    Ja, maten var kjempegod....

    SvarSlett
  4. Her var det mange flotte bilder.
    Riktig god ferie til dere :)

    SvarSlett
  5. ... love the pictures of flowers and fruits, they just put a smile on my face :)

    SvarSlett