onsdag 30. september 2009

Eg vil inn....

Sjølv ein innekatt har behov for frisk luft innimellom.....
På slike regnversdagar som no, vert turen som regel kort.
Matmor har anna å gjera, og er ikkje alltid ved døra når pus vil inn att...
.

BANK BANK nå er eg her....


kor vert matmor av?
...........
Har sett at nokre har bedt om oppskrifta på gryteklutane mine,
eg har lagt den ut på min handarbeidsblogg
........
Ha ein fin haustdag.

søndag 27. september 2009

Gamal steinbru

For ei tid tilbake vart denne brua brukt til å få sauene over til øya på "utmarksbeite"
denne øya var felles utmark for gardane her

stein gjerdet inne på øya var bygd for å føra sauene på rett veg til brua

etter at det er blitt laga vei mellom øyane her, er øya ikkje lenger i bruk som beite
......
Her har vore gråver og regn sidan eg kom, og det har ikkje blitt mykje "på tur med kameraet" som eg skulle ønskja.
........

fredag 25. september 2009

Lyngheisenteret, Lygra

I dag har eg gått tur på Lyngheisenteret.....
Det har vore lågt skydekke, regn og litt vind det meste av dagen.

Dette er ein stad mellom holmar og nes, nord om Bergen...
her er ope og nokså forblåst
det var vått, men på dei tillaga stiane var det godt å gå

denne geitebukken var den einaste på fire og eg var den einaste på to.....

slike gamle torvhus og moldhus finn ein fleire stader

har brukt macrolinsa flittig i dag
litt vanskeleg då "motiva ikkje ville stå stille"

har prøvd meg på manuel fokusering for første gong.....
mykje spanade innimellom lyngplantene...

dråpar hang over alt


eit inntørka blåbær

litt mose og greiner - eit lite kunstverk

sopp av fleire slag

flotte fargar på småvekstane
Ha ein fin haustdag!

tirsdag 22. september 2009

Bjørnstølen

Bjørnstølen er stølen som høyrer til garden der mor kjem frå, og er geografisk plassert i fjellet mellom Nesttun og Os, utanfor Bergen.

Har mange gode minner herifrå. Som regel var vi oppom ein tur, når vi var hos bestemor på sommarferie.
Til helga skal eg ein tur til Bergen og omegn, og har lenge hatt lyst å ta turen opp i fjellet.
Regn, vind, lågtrykk på lågtrykk er meldt, difor er har vi avlyst den planlagde turen til Bjørnstølen.
Eg minnast siste turen opp dit, ein dag i mai 2005.
Det var kaldt, på veg oppover kom regnet, som etter kvart gjekk over til snø.
kaffivatnet henta vi bekken

grillpølser var med i sekken....
det var ikkje enkelt å få fyr på bålet under desse forholda...
ein regnjakke måtte til, for å halda den verste nedbøren borte

pølsene vart varme tilslutt, men gjorde ikkje store varmen i kalde turgåarar

som støler flest, har og denne stølen utedo
- vakkert plassert i ly av fjellet

den aller beste utsikten har ein med dodøra open...
på fine dagar kan ein sjå til havet...

Bjørnstølen er ein vakker plass på sommarstid
men og ein kald og fuktig plass på regnfulle dagar, med lågt skydekke...

Eg får nok heller satsa på ein tur til sommaren, når ein kan sitja ute og nyta varmen og utsikten...

søndag 20. september 2009

roleg kveld i godstolen

Då er eg komen til endes av ei lang rekke med travle dagar.
Er tilbake frå Oslo, og nyt ein roleg kveld i godstolen.
Kurset er vel gjennomført og deltakarane er fornøgde med helga.
Sommarfuglane roa seg, når eg bare la alt anna bak meg og kun konsentrerte meg om det som skulle skje denne helga.
No kan eg igjen fokusera på mine mål, og arbeida vidare mot dei.
Allerede i morgon er det fullt kjør, med tur og to bassengøkter, og tilslutt øving i korpset, før eg tek kvelden.
Tusen takk for alle kommentarar.

fredag 18. september 2009

sollys/sunlight

I går hadde vi ein fin sol oppgang
Eg testa med og utan blits

utan blits

med blits


gjenskin i ruta med blits


gjenskin utan blits
........
solnedgangen var og fin


her brukte eg blits på alle bileta


GOD HELG ALLE SAMAN!

tirsdag 15. september 2009

Travle dagar / busy days

Ein ny fin arbeidsdag er over.....
Det er godt å setja seg ned når arbeidsdagen er over, og vita at og i dag var det eit menneske som fekk av mi tid...
som kanskje den einaste som er innom i døra, er det godt kunna bruka nokre minutt ekstra til ein kort samtale....
det lite for meg, men betyr kanskje mykje for den som får min oppmerksomhet den stunda.
Eg har mykje som skal gjennomførast dei neste dagane,
og eg må bare innrømma at hovudet er fullt opp av tankar og gjeremål,
så det er litt vanskelig å konsentrera seg til å få skreve eit fornuftig innlegg.
mine dikteriske evner har liksom teke ein pause.....
Det er bare få dagar att, til eg reiser til Oslo, der eg skal stå framfor kursdeltakarane og leda heile kurset.....
Eg må sei eg kjenner at sommarfuglane har begynt å røra på seg....

men aller først skal eg ha eit par dagar til på arbeid....


bileta er frå gårsdagens tur

det vart mange doggdråpe bilete

doggdråpane glitra i sola - over alt..

mange som små soler....

avblomstra og pjuskete....
men likevel flott...
Ha ein fin kveld!

mandag 14. september 2009

Å, for ein strålande morgon / oh, what a beautiful morning

Det går mot haust, det merkast på det kjølige draget i lufta, og på den klare lufta.

Eg hadde eit flott skue til frukosten i dag tidleg
sola er på veg opp
sola er komen over fjelltoppen og dalaskodda ligg så flott imellom buskar og tre

sjøen var klar og blå og stranda rein og fin
det var nesten vindstille og sola varma godt


eg tok meg god tid på turen, og studerte livet rundt meg


doggdråpane var som små soler - over alt


naturens eige kunstverk


sjelden at stråa er stille

enno var det ei og anna nyperose i knopp


ivrig samlar i morgonsola

ei marihøne har funne sin plass i eit tomt frøhus
her var mangt å sjå på turen i dag.....
ha ein fin haustdag!

søndag 13. september 2009

søndag kveld...

Ei lang arbeidsveke er unnagjort, og nå i ettermiddag har eg teke livet med ro.

det har vore ein flott solskinnsdag
no i kveldinga stilna vinden og eg tok meg ein luftetur i hagen.
der ein enno kan finna små fargeklatter
jordbærplanten har visst teke feil av årstida

eg har ikkje så mange blomar å visa på, det meste forsvann under den store endringa
- men tagetes fekk stå i fred


hugsar ikkje navnet på denne blomen

ringblomeknopp på veg til å springa ut....

I morgon har eg fri, og håper på same fine veret...
etter eit lite uhell på arbeid her i veka, der eg fekk påført nokre sår, så vert det ikkje bassengtreningar i morgon
- men ut på tur skal eg......
Ha ein fin søndagskveld!