torsdag 3. september 2009

Tankar

På mi vandring i dag, langs sjøen, til lyden av bølgene, lot eg tankane fara vidt og breidt.
Kameraet låg heime og i dag, og eg var ikkje så oppteken av ting og tang rundt meg,
då er det lett for at ein funderer litt over det meste.

Mine tanker gjekk 2 år tilbake tid, då eg starta denne treningsprosessen. Det starta med ei økt i bassenget pr veke, eg var stuptrøytt etterpå, og bare håpte at eg skulle klara å halda ut over lang tid...
Eg gjekk og ein tur i ny og ne, kameraet var vel ein av dei tinga som var med å drog meg ut- lysten til å fanga eit blinkskudd eller to.
Samtidig ser eg no at eg brukte nok kameraet litt. Når eg stoppa for å ta bilete, så kunne eg henta meg inn att samtidig, utan at nokon merka at det var
eigentleg å få att pusten, eg trong mest.
Eg funderte litt over framgangen, og kva eg har oppnådd på denne tida - ja, det er nesten som eit eventyr....
I dag, to år etter, har eg opp til 5 økter i bassenget pr.veke, går på tur og driv med andre ting i tillegg...
eg har det bedre på alle måter....


Det krev innsats og vilje, men etter mange "tunge" år, var eg heilt klar til å bruka tid på meg sjølv, satsa på mitt liv og mi eiga helse.


Med eitt var tankane over på heilt andre ting....
om kort tid skal eg ha hovudansvaret for eit kurs, i Oslo
Deltakarane er foreldre til barn 0-8 år med samme hudlidelse som eg.
Eg skal for første gong leia heile helga, eg skal prøva å sei nokre velvagte ord til desse foreldra innimellom andre innlegg, svett svett - får litt hjertebank når eg tenkjer på det
- igjen eit stort steg framover - dette hadde eg ALDRI gjort, for få år sidan

har igjen rota fram gamle bilete - blir litt glad av sjå på desse kattungane

Eg har i det siste med vilje lagt kameraet heime, og brukar stavane når eg går.
For eit par veker sidan, fekk eg ei spesiell behandling i eine foten, som eit forsøk, i håp om dempa smerter og blemmedannelse under føtene.
At eg kun fekk i den eine foten, er for å gjera observasjonar på resultat, sidan eg er førstemann med min type lidelse.
Denne hausten vert eit "prøve/feile prosjekt", og når eg går med stavane tek eg meir i og vil vanlegvis få meir vondter.
Skal etter kvart og prøva meg litt på lengre turar, og ta eit par andre utfordringar for få fleire svar på dette....

Om eg kan gå meir og lengre, vil bare framtida visa, men i dag gler eg meg over at eg har
MINDRE smerter i behandla fot......

Ha ein fin og innhaldsrik dag alle saman.

8 kommentarer:

  1. God morgen
    Flott å få les litt mer om deg . Det ser ut som vi alle har vårtå slite med.
    Da er det så bra at vi har evnen til å finne glede i det små.
    Nydelige bilder og en sjarmerende kattunge.
    Ha en herlig dag.
    Klem

    SvarSlett
  2. Heisann og god morgen
    Takk for at du deler historien din med oss.
    Glad for at det går fremover med deg, og tenk så bra for deg å ha hovedkurset! Strålende fremgang.
    Det klarer du nok med glans.
    Ha en vakker dag videre.
    Klem

    SvarSlett
  3. Hel og lykke med kurset, kan godt forstå du er lidt nervøs for det...godt at det går fremad med din træning og at det hjælper dig... god dag til dig

    SvarSlett
  4. Så godt å høre at du merker god fremgang på treningen. Godt at den ene foten er bedre også. Spennende at de finner nye ting som kan hjelpe.
    Lykke til med kurset. Dette klarer du :)

    SvarSlett
  5. Hei gjen
    Takk for kommentaren.
    Jo da jeg lager kort , har solgt en del til naboer rundt om.
    Har og skrevet ut på lerret og bomull stoff og montert på vesker.
    Jeg gjør en god del mer en det som kommer fram på bloggen, men har ikke helt hatt formen nå.
    Får veldig bra tilbakemelding på kortene

    SvarSlett
  6. Så fint å lese dette positive innlegget!
    Kjekt å sjå at sjølv om TING TAR TID så går det framover. Så flott at du er betre i foten som er behandla, det lovar godt for framtida, både for deg og andre :)

    Takk for SMS, gler meg til du kjem innom :)

    SvarSlett
  7. Hei kjære navnesøster!

    Takk for all energi du gir videre. Når latskapen kommer over meg går jeg inn på din blogg Nydelige bilder, mange gode ord.

    SvarSlett