fredag 30. oktober 2009

Speilblank sjø

Her har vore ein fin haustdag
vindstille og speilblank sjø....
frå hytteterassen har vi ein vakker utsikt
som bileta viser

trass i det fine veret
har det blitt mest inneaktivitetar i dag
for min del to økter i varmt basseng.

Morgonturen er obligatorisk for alle her på huset,
medan resten av programmet er forskjellig for dei enkelte gruppene.
I dag på vår morgontur vart det litt som bambi på isen
då deler av vegen var islagt.


Eg fekk ikkje gårsdagen ønske oppfyllt.....
astma og irriterte bronkier har tappa kroppen for energi i løpet av dagen
- med medisin i fleirtal, og ei god natts kvile
håper eg at dagen i morgon blir betre enn i dag.

torsdag 29. oktober 2009

I gang......

Første treningsdag er vel gjennomført....


kvar morgon, før frukost er det ut på tur
og i løpet av dagen har vi i tillegg 2-4 treningsøkter
vanngymnastikk, symjing, styrketrening, tur, sykkel m.m.
her er mange mulighetar...
her i dette "fjell landet",
er det felles utflukt til nutar og toppar ei gong i veka

det er og fritt fram for eigne turar på ettermiddagstid
om ein måtte ynskje det........


senteret ligg i eit vakkert område med mykje skog,
heilt nede ved sjøen lengst inne i ein fjordarm.
.
vond hals og hovudverk gjer at eg føler meg heilt utlada...
håper at det snart går over...
aller helst vil eg vakna frisk og opplagd i morgon tidleg
klar til ei ny fin treningsdag.

onsdag 28. oktober 2009

På veien......

I går køyrde eg langs vestlandet nord over til Bergen,
naturen viste seg ei vakker side
vindstille, sol, vakre haustfargar og alle vatn var som speglar...
Eg har ikkje tal på alle dei plassane eg kunne tenkt meg å stoppa
for å nyta dei eventyrlege øyeblikka litt lengre...
Eg tok ein liten omveg,
utom Store Milde der eg skulle levere ein del av lasset.
Nede i Mildevågen var sjøen nesten spegelblank
.
På Milde var eg ofte som liten, hos bestemor.
No er det ikkje så ofte ferden går denne vegen...
Ofte kjem gamle minner fram, når eg er der.
Naustet (nr2frå v) som har ein lysare og falma rødfarge
var krambua her ei gong i tida.
Eg var ganske liten og hugsar ikkje så mykje,
men eg hugsar at mykje rart hang i taket
og at det var ei stor steinhelle til trapp, utafor....

onkel bur i bestemor huset
han er ein flink kunstnar og lagar mykje ut av tre
Grannebenkjen,
møter deg i det du køyrer inn på tunet frå sjøsida...

bestemor huset er som det har vore i alle år


trappa er i dag utbetra
men eg minnast ennå lyden av dei ujamne steinane
som slo mot kvarandre
kvar gong nokon gjekk i trappa


eit av onkel sine mange troll tek i mot meg ved trappa


eg må alltid oppom løa der onkel har sin verkstad
han har mange prosjekt på gang

Dette skal verta ei bordplate,
og om eg ikkje tek heilt feil,
så trur eg det må vera ein bit av det store tuntreet,
han saga ned for eit par år sidan.



stolar av stammar



figurar av mange slag - her knerten..
ein kjem nesten inn i ei eventyrverden her.....


Andre enden av løa, er no blitt systove for ei "bunadsdame".
Denne gamle veven står der.
.
Min bestefar laga 3 slike bandvevar og det finns nok ikkje like andre stadar
mor si søster brukar ein,
denne brukte bestemor, og onkel har vove det som er i veven no
den tredje er ikkje heilt i orden, men finns på bruket...
Eg fekk spørsmål om eg kunne tenkja meg å bruka den siste om han vart reparert,
det ville jo vore ei æra å få ta opp arven etter bestefar og bestemor....
om det blir, får bare framtida visa...
Etter fleire hyggelege timar hos onkel og tante
tok eg fatt på siste biten til min overnattingsplass.
.
Det er nesten synd å bruka ein slik flott dag til å reise,
men samtidig så fekk eg nyta den vestlandske naturen
på ein av dei vakraste haustdagane ein kan tenkja seg.

søndag 25. oktober 2009

Om to dagar

er bilen fullpakka og eg er på veg nordover til treningsleiren...
opphaldet varer denne gongen i fire veker.....


det har blitt lite blogging dei siste vekene...
tankane har vore meir konsentrert om å få treningstøy,
ullundertøy, hodelykt, fjellsko, votter og huer osv, i kofferten
enn til å laga innlegg til bloggen....


mannen skal stella heime - heilt åleine -
og må ha eit visst antal porsjonar med lettlaga middagar i frysa...
huset er vaska...
og klar for innrykk av gjester når eg er tilbake.....
.

no skal eg bare tenkja på meg sjølv
yta best mogleg i alle slags aktivitetar
inne og ute
til fjells og i vatn
.
koma til dekka bord
og la oppvasken bli utført av andre
reine husmorferien i så måte....


eg skal prøva å få laga nokre innlegg til bloggen
men veit at internettet er nok tregt
og somme gonger vil det ta ein "halv dag" til få fram ei ny side.....
.


eg vil nok ikkje vera så aktiv til å kommentera andre sine innlegg
det vil nok ta for lang tid med dei dårlege internet forholda,
mellom bakkar og berg....
der nord for Sognefjorden...

lørdag 24. oktober 2009

Det informerte samfunn

I desse dagar kjem sanninga fram,
ja, kor mange kroner du tjente, har på konto
og kor mykje skatt du har bidrege med til samfunnet.....
Dette er eit ømt tema for mange,
naboen, venner eller kven som helst kan sjekka deg,
venner, uvenner eller kjendiser om dei vil....
Er det alltid slik som det står skreve i desse listene?
gjer skatteetaten alltid det som er rett....?
Kva då med den som står oppført med millionformue og ikkje har det...
eller den som står oppført med lita inntekt og faktisk ikkje lever på sveltegrensa....
Slikt set tankar og meiningar i sving, hos oss alle.
.
Når dette då står svart på kvitt i avisa, kva då?
Me trur jo på det som står skreve der,
og om einkvan/ den det gjeld prøver å seia noko anna
vil me då tru på det????
.

Dette opptek meg/oss for tida,
fordi vi er i år som i fjor, komne i den gruppa som står oppført med feil informasjon.....
vi fekk mildt sagt bakoversveis, og lurde på når kemnaren kom og krevde gard og grunn,
nesten på topp i inntekt i kommunen,
ja det står i avisa.....
men me føler langt frå den millionæren som me er blitt oppførte som.......
.
Me føler oss meir som havet på ein uversdag,
urolege og opprørte ....
.
me er i den situasjon at vi har eit firma som ordner slikt for oss, heldigvis....
dei såg snart feilen, og har kontakta skatteetaten
feilen er notert og skal rettast opp
men ro i sjela har vi nok ikkje, før neste brev kjem
forhåpentlegvis med heilt andre tal....
.
Kva då med det som står i avisa,
vil skatteetaten retta opp desse listene?
.
Er det rett å leggja listene ut for offentlegheten?
Eg bare spør.......
.

Er det alltid bra med eit så vel informert samfunn?
Eg bare spør....

tirsdag 20. oktober 2009

Kveldstur

På lørdag var her ein flott haustdag, og eg var ute ein tur midt på dagen.
Det var så herleg å vera ute i sola og vindstilla,
og i kveldinga var eg klar for nok ein tur.
Merkeleg nok, fekk eg lokka mannen med, noko som ikkje skjer så ofte.

Me reiste ned til Hå, i det sola var på veg ned mot havet

det var stille, alt vi haurde var bølgene som slo mot land

eit belte av skyer gjorde at sola kom og gjekk den siste tida,
før ho forsvann i havet
det var så flott å sjå på solstrålene
som strålte ut i kvar ein opning i skyene


steingardane spegla seg i vatnet på åkeren

me vandrar på grusvegar,
i det himmelen endrar farge frå blå til lyserød
i takt med sola som går ned i havet

Med alle desse fine bileta på netthinna
køyrde vi heim til ein rolig av avslappande kveld i godstolen....

mandag 19. oktober 2009

I far sin hage

Far har ein stor hage, og har mange slags tre og planter der
.
Det er alltid kjekt å studera livet i hans hage.


Her er litt av det eg fann denne gongen

i grunnen så var det mange planter som blomstra ennå

somme var litt pjuskete,


men likevel mykje vakkert

tilslutt ei mini solsikke


Eg har fått utnytta helga godt,
og fått unna mange av mine gjeremål
som måtte gjerast før avreise.
Saken er den at vi får huset fullt av gjester første helg i desember,
og det vert for knapt med tid til alt dette når eg er tilbake.
( den tida må brukast til å matlaging og kakebaking til den store festen.....)
Denne veka går med til pakking og førebuing til treningsopphaldet.

Ha ein fin dag.

lørdag 17. oktober 2009

Fin haustdag

I dag har vi ein flott haustdag her på Jæren,
sola skin og det er nesten vindstille.
Ei venninne spurde i går om eg ville vera med å gå tur i dag,
der ho brukar å gå på tur.
vi gjekk på stier og grusvegar,
mellom tre og på opne marker.
Det var så flott å sjå på den blå himmelen,

mellom fargerike blad

og nakne greiner

markene hadde og fått haustfargane på
vatna var blanke og nesten heilt stille.