torsdag 31. desember 2009

Årest siste dag

Siste dag i 2009,
kanskje ein dag til ettertanke.
Kor blei årets dagar av,
kva gjorde eg med tida medan ho var her?
Har eg oppnådd noko i løpet av året,
har eg nådd nokre mål?
Her finns mange spørsmål,
når ein først tenkjer etter.

Eg starta året med stor iver og innsats på treningsfronten.
Det vart mang ein tur i ver og vind,
samt 2 økter i bassenget kvar veke.
Eg kjende snart at dette ga resultat,
noko som gav meg meir energi og lyst til å trena.
Eit anna mål for 2009 var å ta kontakt med gamle kjenningar
eg ikkje hadde sett eller snakka med på lang tid.
I den travle tida vi lever i,
er det å ta vare på vennskap
kanskje ein av tinga som vert mest "gløymt".
Våren kom og det var tid for nytt opphald på treningsleiren.
Eg var veldig spent på,
om min innsats heime gjorde positive utslag på testane.
Det var eit langt opphald og sommaren var godt igang når eg kom heim att.
Med den varmen,
vart det mindre trening heime,
men eg gjorde det beste eg kunne
med mine apparat i treningsromet i kjellaren.

Det går mot haust
og eg er igang igjen for fullt,
med turar og 3 økter fysioterapi i varmt basseng.
Prøvde meg og i tillegg,
med eit par økter i veka med symjing,
det vart litt i overkant....
Oktober: og det er igjen tid for treningsleir
Har eg forbedra resultat denne gongen?




Mine turar i naturen er avhengig av ver og temperatur.
Eg klarer mindre når det er varmt,
og må leggja opp treninga etter det.


Vel heime frå treningsleiren
skriv vi slutten av november.
Det er like før eg vert 50,
og vi har invitert 90 gjester til dansefest.
Slekt, venner, naboar, gamle kjente,
mest for at vi skal vera saman
og ha det morro.
Mykje tid går med til matlaging
og førebuing.
Noko som eg gjer med glede,
trass i mindre tid til trening.

Hei, hå, så er det jul igjen.....
med god mat og late dagar.
Igjen vert det mindre trening....
........

Ja, kva har eg oppnådd igjennom året?
Har eg nådd nokre mål?
.....
Med mine korte turar og vanngymnastikk økter
har eg fått bedre helse, meir energi
eg er meir uthaldande og kjenner at det er morro med trening.
Kroppen seier nå ifrå,
om det går nokre dagar utan aktivitet,
mot i fjor då eg måtte ha aktivitetsplan
for å få gjort unna den treninga eg ville.
Eg har nådd toppar
eg trudde var vanskelege å nå.
Har lært at det å ta tida til hjelp,
er eit nyttig redskap for å oppnå mine mål.
.....
Sjølv om eg i perioder må redusera treningstidstida,
har alle testar vist at det går framover.
Eg trener i mitt tempo,
og på den måten som passer best for meg.
Om alle andre "spring" forbi meg,
så lar eg dei berre springa,
eg fortset veien vidare på min måte.
......
Ja, eg har brukt tida godt,
eg har kome eit langt steg vidare.
Målet for 2010 må vera:
å fortsetja på same veien,
og nå endå litt lenger i det komande året.
.....

Eg vil ynskja dykk alle
Eit Godt Nytt År.

tirsdag 29. desember 2009

Morgondis

Ennå ligg snøen på jæren
aller mest i fenner og brøytekantar..
som vanleg....
I går morgon kom og disen
og la seg som eit teppe
over hus og heim.
.

bakerst ser ein toppen
av den nye kyrkja vår
.
ein får ein følelse av stillhet og ro
når ein ser ut over lanskapet.

bygda i dis
.....
Ha ei fin romjul!

fredag 25. desember 2009

Tradisjon

Midt på dagen kvar julafta
har vi som tradisjon å samlast
til risengrynsgraut, kaffi og småkaker.
Her møtest gamal og ung
slekter og vener,
til eit samvær i høystanden
i ei gamal løe i Time soknå.
.

Garden er gamal og verneverdig
lite modernisering er gjort,
først no i haust fekk ungjenta lagt inn vatn
til do og dusj... i løa...
.
Denne vesle løa
gjev husrom for mang ei sjel kvart år.
Løa er slitt av tidens tann
og blitt ganske gjesen etterkvart
så "festplagget" her er varmedressen.
.
Store grautgryter må til, når så mange samlast,
og eg var ein av to, som koka graut i år.
Melka kjem rett frå melketanken
til ein av bøndene i slekta.
.
alle bidreg med litt kvar

serveringa er på enklaste måte
plast og papir, slik at ingen skal stå att med oppvasken.
Sidan vi er så mange, har vi fleire mandler i grauten,
og det viser seg at i denne tallerken ligg ein av mandlane.
I år som tidlegare år,
havna største delen av premiane i mitt hus.


på ein halmball kan ein forsyna seg sjølv med tilbehør

Hunden Toby fekk ikkje vera med på festen inne,
men storkosa seg ute med ballen sin
og alle ungane som kom til gards.
.
slike gamle løer huser nok mange gamle minner


sauen Mia fekk lov å koma inn å helsa på

Jæren fekk kvit jul i år
det vart ei flott ramme rundt vår samankomst.

Den gamle travarhesten Støtmai
hadde ikkje lyst å koma fram,
ho vart nok litt skremt av alt oppstyret på garden.
Her har ho gøymt seg blant trea, på trygg avstand.
.
Ha ei fin julehelg!

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

I dag skriv me 23. desember
dagen før dagen...
for mange ein travel dag
for å få unna dei siste førbuingane.
....
Litt innkjøp, golvvask og rydding
er det som står att her
før alt er klart for julehelga.
.

Ein nabo kom innom med denne oppsatsen
.
den fekk sin plass på denne fine duken,
som min far broderte for mange år sidan.

Bestemor som døde for ein del år tilbake,
gav oss alltid sjølvlaga gåver til jul.
Kor mange sokkepar ho laga gjennom året er uvisst,
men det var nok til alle etterkomarane.
(5 barn, 14 barnebarn, 12 oldebarn m. ektefeller osv.)
Alle venta på desse sokkane,
og den første kommentaren til min eldste son då oldemora døde, var:
"Får eg ikkje lenger sokker til jul nå...."
.....
Hadde ho litt tid til overs
broderte eller hekla ho andre ting
som ho la saman med sokkane....
denne bjødla er ein av hennar mange smågåver.
.....
Med gode juleminner i tankane
vil eg ynskje dykk alle
God Jul.

søndag 20. desember 2009

Snø 2

Det var ikkje lenge snøen fekk liggja stille.
I løpet av morgontimane tok vinden seg opp att,
og det var eit godt gamaldags renne drev...
Snøen lava ned
samtidig som vinden tok med seg den lause snøen på bakken.


eg har prøvd å fanga uveret med kameraet.


Eg hadde arbeidsdag i dag og.
eg må sei at eg grua litt for turen.


Eg møtte vanskelege kjøreforhold på min veg,
stengde vegar, dårleg sikt, snøfenner over store deler av vegen...


Somme gonger var det mest eit hell at eg fortsatt var på vegen.
Eg kom meg tilslutt vel gjennom ruta,
og alle fekk det dei skulle ha.
Juletreet er kome inn
og er no pynta.
Lysa brenn
og vi har fått ein liten følelse av at det går mot jul
Ute uler vinden
og snøen ryk over hustak og veg.

Jammen er det godt at husa er hule
og at vi kan vera innadørs.
.....
Ha ei fin førjulstid.

Snø

Vi vakna lørdag morgon
til vind og snøver.
Det er ikkje ofte at snøen daler rett ned her på Jæren,
noko som han heller ikkje gjorde denne gongen.
Det er på slike dagar ein skulle ynskja
at ein hadde eit anna arbeid
enn det å vera sjåfør.....
Må ein, så må ein...
Det vart ein køyretur
med innlagde skliingar og dårleg sikt...
Alle fekk det dei skulle ha,
det er det viktigaste.
...
Det snøa og bles resten av dagen
og cm auka på tre og buskar.

Utpå kvelden stilna det
og snøen la seg tung på buskane utafor

det snør og det snør


det er ikkje ofte vi ser snøen ligg så tung på trea

til tross for djup snø,
måtte katten ut ein tur
men turen vart slett ikkje lang....

Tidleg morgon i dag
det snør fortsatt

biletet er teke utan blitz ut i nattemørket

Eg ser no at greiene har begynt å bevega seg
det er nok ikkje lenge før snøen dett på bakken.
Får bare håpe at det ikkje for mykje vind,
og at all snøen vert forflytta til snøfenner...
.....
Eg skal ut på veien att i dag
håper at det er brøyta der eg skal køyra.
Det heiter at posten skal fram....
men og den varme maten som eg har i bilen må fram......
.....
Ha ein fin 4. søndag i advent.
Kos dokke i snøen.

torsdag 17. desember 2009

Desembersol

Ein forkomen ringblom


og kristornbusken
speglar seg i ei låg desembersol.


Sola er på veg ned


og lagar eit gyllent skjær over landskapet.

Skyer og fargar endrar seg


i takt med sola si ferd mot havet.


Eit teppe av stillhet og ro

senker seg over bygda
ein stille søndag i advent.

onsdag 16. desember 2009