torsdag 31. desember 2009

Årest siste dag

Siste dag i 2009,
kanskje ein dag til ettertanke.
Kor blei årets dagar av,
kva gjorde eg med tida medan ho var her?
Har eg oppnådd noko i løpet av året,
har eg nådd nokre mål?
Her finns mange spørsmål,
når ein først tenkjer etter.

Eg starta året med stor iver og innsats på treningsfronten.
Det vart mang ein tur i ver og vind,
samt 2 økter i bassenget kvar veke.
Eg kjende snart at dette ga resultat,
noko som gav meg meir energi og lyst til å trena.
Eit anna mål for 2009 var å ta kontakt med gamle kjenningar
eg ikkje hadde sett eller snakka med på lang tid.
I den travle tida vi lever i,
er det å ta vare på vennskap
kanskje ein av tinga som vert mest "gløymt".
Våren kom og det var tid for nytt opphald på treningsleiren.
Eg var veldig spent på,
om min innsats heime gjorde positive utslag på testane.
Det var eit langt opphald og sommaren var godt igang når eg kom heim att.
Med den varmen,
vart det mindre trening heime,
men eg gjorde det beste eg kunne
med mine apparat i treningsromet i kjellaren.

Det går mot haust
og eg er igang igjen for fullt,
med turar og 3 økter fysioterapi i varmt basseng.
Prøvde meg og i tillegg,
med eit par økter i veka med symjing,
det vart litt i overkant....
Oktober: og det er igjen tid for treningsleir
Har eg forbedra resultat denne gongen?




Mine turar i naturen er avhengig av ver og temperatur.
Eg klarer mindre når det er varmt,
og må leggja opp treninga etter det.


Vel heime frå treningsleiren
skriv vi slutten av november.
Det er like før eg vert 50,
og vi har invitert 90 gjester til dansefest.
Slekt, venner, naboar, gamle kjente,
mest for at vi skal vera saman
og ha det morro.
Mykje tid går med til matlaging
og førebuing.
Noko som eg gjer med glede,
trass i mindre tid til trening.

Hei, hå, så er det jul igjen.....
med god mat og late dagar.
Igjen vert det mindre trening....
........

Ja, kva har eg oppnådd igjennom året?
Har eg nådd nokre mål?
.....
Med mine korte turar og vanngymnastikk økter
har eg fått bedre helse, meir energi
eg er meir uthaldande og kjenner at det er morro med trening.
Kroppen seier nå ifrå,
om det går nokre dagar utan aktivitet,
mot i fjor då eg måtte ha aktivitetsplan
for å få gjort unna den treninga eg ville.
Eg har nådd toppar
eg trudde var vanskelege å nå.
Har lært at det å ta tida til hjelp,
er eit nyttig redskap for å oppnå mine mål.
.....
Sjølv om eg i perioder må redusera treningstidstida,
har alle testar vist at det går framover.
Eg trener i mitt tempo,
og på den måten som passer best for meg.
Om alle andre "spring" forbi meg,
så lar eg dei berre springa,
eg fortset veien vidare på min måte.
......
Ja, eg har brukt tida godt,
eg har kome eit langt steg vidare.
Målet for 2010 må vera:
å fortsetja på same veien,
og nå endå litt lenger i det komande året.
.....

Eg vil ynskja dykk alle
Eit Godt Nytt År.

10 kommentarer:

  1. Så flott Ruth!!
    Lykke til i eit nytt år...
    du er til inspirasjon ;-)
    Godt nytt år!

    SvarSlett
  2. Vil ønske deg et riktig godt Nytt år .
    Du har virkelig oppnåd mye i året som nå er på hell.
    Jeg ser fram til å fælge deg vider på veien og nyte dine vakre bilder.
    Jeg håper ting kommer på plass for meg og i det nye året. Desverre kan jeg ikke trene opp lungekapasiteten, den er som den er .
    Nå satser jeg på at jeg snart får et brukbart fremkomstmiddel.
    Klem

    SvarSlett
  3. Heisann Ruth.
    Ønsker deg og dine ett riktig godt nytt år!
    Klem fra Helen

    SvarSlett
  4. Rigtig godt nytår til dig og dine...din blog er til stor glæde og inspiration for mig...især dine mange rigtig gode billeder...

    SvarSlett
  5. Takk for din hilsen! Gratulerer med din innnsats på treningssiden. Du er virkelig flink som står på slik! Ha det godt og godt nytt år til deg! .Margit-

    SvarSlett
  6. Takk for at du stadig igjennom årte oppdaterer meg på tilstandene på Jæren. Koselig å se bilder fra strender og natur ellers fra kjente og kjære steder.
    Vil få ønske deg et riktig godt nytt år :)
    Og lykke til med fortsatt god innsats på treningsfronten.

    SvarSlett
  7. Hei.

    Godt Nyttår til deg også.

    Så kjekt med den solstrikkebloggen,
    med lette strikkerier.

    Nå ser jeg på/ klapper til : ) Wien konserten.

    SvarSlett
  8. Å, ja,
    eg liker å se på bildene dine.

    SvarSlett
  9. Flott årskavalkade!
    Ja, me treng å gå igjennom korleis me prioriterer å bruke tid og tankar...

    2009 blei vel eigentleg ikkje heilt som eg hadde tenkt meg, skulle gått på kurs i sjølvdisiplin trur eg, hehe. Aller mest handlar det nok om å ta vare på seg sjølv og ha det litt bra kvareinaste dag...

    Og ikkje minst; eg får starte på ny kvar dag sjølv om det gjekk litt skeis dagen før!

    Klem og GODT NYTT ÅR til deg frå Marie

    SvarSlett
  10. Kjære Ruth :)
    Det bilde med treet som støttar seg til steinen gav meg inspirasjon til eit innlegg på bloggen min. Derfor vil eg spørje om å få låne det av deg. Eg vil sjølvsagt lenke til deg og takke for lånet i innlegget.

    Har full forståelse om du ikkje synest det er greit. Ikkje noko press.
    Klem :)

    SvarSlett