torsdag 3. desember 2009

Det er min dag i dag.....

Mandag hadde eg besøk av ein journalist frå lokalavisa, Jærbladet.
Der skriv dei om jubilantar som rundar heile tal.
Denne gongen hadde ho plukka ut meg,
eg vann det store lotteriet, eg som aldri har vinnarlykke.......
Eg let orda til journalisten vera dagen innlegg:
.........
50 år og på veg opp


DANSEFEST:
Ruth Bernssen Bø har leigd sitt eige danseband når ho laurdag feirer fødselsdagen sin på Røde Kors-huset på Nærbø

Ruth Bernssen Bø er komen til eit punkt i livet der ho bruker meir tid på seg sjølv.

BRIT ROMSBOTN
tekst og foto
br@jbl.no

– Eg er nok prega av «tidens tann» og eg har fått eindel smårusk her og der. Men no går det framover. Eg har nett vore på rehabilitering i Fjaler i Sogn og Fjordane, og tre dagar i veka er eg med i ei gruppe som trener med fysioterapeut i varmtvassbassenget på Nærbø. Eg stortrivest i bassenget, seier Ruth Bernssen Bø.

Tur og foto
Sola skin en siste måndagen i november. Frå bustaden i Vålansvegen på Nærbø kan ho sjå heilt til sjøen.
Ruth Bernssen Bø har alltid sett pris på natur og uteliv. Dagane startar ho ofte med ein tur. Og aller best likar jo seg ved havet.
– Eg liker å kjenna været og høyra på fuglane, og for meg er dette verdens beste treningsplass. Og så passar underlaget godt for meg, for eg skal ikkje gå på asfalt. Kor langt eg går, er avhengig av kva eg klarer. Turane kan vara frå eit kvarter til opp mot 45 minutt.
Ho har alltid med seg fotoapparatet, og ofte er fotograferinga ein stor motivasjon for å koma seg ut. Ruth Bernssen Bø tek ikkje berre bilde for seg sjølv, ho liker og å dela det ho opplever gjennom kameralinsa med andre.
– Før tok eg mykje bilde av ungane. Men når dei ikkje ville meir, måtte eg finna på noko anna. No går det mest i naturbilde. Og så er eg veldig glad i Svein Inge Årrestad sin song «Heim te Jæren». Eg opplever innhaldet i teksten når eg er ute og går, fortel jubilanten, som i samarbeid med forfattaren har laga sitt eige hefte med bilete til songteksten.
Planen var at det skulle vera julegåve til slekt og venner i fjor. – Men det spreidde seg til fleire, og eg har fått laga nærare 100 eksemplar av heftet. Eindel av dei har eg selt.

Fest med danseband
Ruth Bernssen Bø er fødd og oppvaksen på Nærbø. Ho ler når eg spør om korleis ho møtte ektemannen Ole.
– Det skjedde på ein busstur til Tyskland. Det var ein tur med venner og venners venner. Eg er ikkje heilt sikker på årstalet, men eg trur det kan ha vore i 1977-1978.
Dei tre barna, som er frå 21 til 27 år gamle, har flytta ut av heimen. Garden blir forpakta bort. No er det Ruth, ektemannen Ole og to kattar som rår grunnen.
Kattane er ikkje særleg glade for besøk, og gøymer seg når Jærbladet kjem. Men når ikkje framande er i stova, kryp dei helst oppå matmor.
Eigentleg er det to Oslo-kattar som har fått hus i Vålandsvegen.
– Dotter vår hadde dei då ho studerte i Oslo. Så det var var innekattar i hovudstaden er no blitt utekattar på Jæren. No er dotter vår i Tromsø, så kattane kunne vore nordlendingar no. Men dei har vore så lenge her hjå oss at eg trur me må kalla dei våre.
Ruth Bernssen Bø har i ei årrekke vore tilsett i Hå kommune. Ho har arbeidd i bustadar for psykisk utviklingshemma, i barnehage og innan eldreomsorgen.
Men for eit og eit halvt år sidan var det slutt som omsorgsarbeidar. No er det kjøring det handlar om.
– Eg fraktar både mat og folk. Og eg stortrivest! Eg kjører mat frå kjøkkenet ved Hå sjukeheim på Nærbø, og eg kjører eldre til dagsenter. Eg liker godt å koma meg rundt og følga med på det som skjer. For meg var det godt med ei endring.
Dagens skal feirast med fest på Røde Kors-huset. Ruth Bernssen Bø har leigd dansebandet «Terjes» til feiringa.– Kring 75 gjester er inviterte, og det kjem både naboar, venner og familie. Eg dansa mykje før, og eg ville ikkje ha ei stiv 50-års feiring, slår jubilanten fast.

12 kommentarer:

  1. Tillykke med fødselsdagen...Dejligt at læse artiklen fra avisen om dig..

    SvarSlett
  2. Stort tillykke med fødselsdagen, Ruth og velkommen i de voksnes rækker :-)
    Og artiklen er rigtig god. Må du få en dejlig danseaften på lørdag :-)

    SvarSlett
  3. Gratulera med dagen! Kos deg masse på festen på lørdag. Det blir sikkert en kjekke kveld.

    Smil og busrdagsklem fra L

    SvarSlett
  4. Gratulerer så mye med dagen.
    Og lykke til med feringen :)
    Håper det blir en flott fest for deg og gjestene dine.
    Du det hefte? Vil du selge et til meg?

    SvarSlett
  5. Gratulerer så mye med dagen.
    Ha en flott fest på lørdag.
    Stoor bursdagsklem til deg.

    SvarSlett
  6. Det var en fin artikkel må jeg sei. Kan tenke meg at den festen på lørdag blir KONGE. Og du....den turen du traff han Ole, ja då va æg au mæ og dæ va på en LODE tur i sammerbeid med HAGA Buss, husker det som om det skulle vært i går,he he.Det hefte kunne jeg og tenkt meg, kjøpte nettopp et bilde av Toril Rimestad der hun hadde skrevet inn HEIM TIL JÆREN. Kosa deg og hilsa maen og gratla han og fra meg:-)

    SvarSlett
  7. Fantastisk innlegg :-)

    Gratulera nok en gong med bursdagen! HB feiringa blir fantastisk!!

    Helsing Anne Tone :-)

    SvarSlett
  8. Tusen takk alle saman.

    Fjordheim og Eli: heftet har eg for salg. kontakt meg via email, og send meg adressa dykkar, så skal eg senda det i posten til dykk.

    Eli: ja, det var tider då di Lode med venner var på tur... kjekke tider det :-))

    SvarSlett
  9. Hei. Finner nå ikke den epostadr din noe sted på siden.
    Min er astomanders_55@hotmail.com
    Så visst du sneder meg et lite hei, så sneder jeg deg adr min. Men det haster ikke. Kan tenke meg du har mer enn nok å gjøre frem til helgen.

    SvarSlett
  10. Gratulerer hjerteligst med stordagen din Ruth,og håper du får ei heidundrende feiring med venner og familie samla for deg.
    Varm bursdagsklem fra Anne-Berit:-)

    SvarSlett
  11. Gratulerer med dagen som var i går og tillukke med feiringa på lauradag :)

    SvarSlett