fredag 30. april 2010

godt å koma heim att...

etter ei lang reise...
Sjølv om eg har vore 3 veker på same staden
kjennes det ut som om eg har vore på ei reise.
Vi lever i eiga verd der oppe
i eit "bobleland" som nokon kallar det.
Vi har reist i form av personlege framsteg
og flytta personlege grenser.
.
Eg har i dag teke fram gamle bilete
(ute er skodda så tjukk at det er ikkje så godt å fotografera)
og funne fram sangen
Heim te' Jæren av Svein Inge Årrestad
der han beskriv alt som eg lengtar etter når eg er bortreist.
.

Eg vil heim og sjå ein solnedgang på Jæren
nermed havet, der som bølgjer slår mot strand.
for bak havets kant langt ut i atmosfæren
vil hu farga himlen raud med eld og brann.
.
Du vert ett med det du ser, og det du føle
er at du og sol og hav og Jærens land
høyre samen i en solnedgang på Jæren
nermed havet, der som bølgjer slår mot strand.
.
Eg vil heim og gå en lange tur på Jæren
gå langs steingard, finna fram i mark og hei.
Der er ingenting eg heller vil gjer enn
det å rusla slik på barndoms sti og vei
.

øve lynghei, øve mark og mo og myra
og langs strendene med rullestein og sand.
Kjenna vinden, kjenna regnet, kjenna solå
høyra havet, der som bølgjer slår mot strand.
.

Eg vil heim te'Jærs og høyra fugla syngja
fylgja lerkå på si flukt mot himlen blå.
Alt som plaga meg og alt som vil meg tyngja
det forsvinne når eg fuglane får sjå.

Der er erlå, der er vibå, der er spogjen -
ja, sjøl mågaskreg er verdt å høyra på!
Ja, med vind og sol og fuglasong på Jæren
då vert livet noge godt å satsa på.

Ha ein fin dag!

torsdag 29. april 2010

Trekning

Då var det tid for å trekkja ut vinnarane
på utloddninga mi.
.

Eg lova sokkar i dette mønsteret til første vinnar,
men no har det seg slik at strikkepinnane gjekk ganske fort
og eg har slike sokkar til alle 3 vinnarane.
.
Sidan alle para har ulik farge
så får vinnarane skriva eit eller to ynskjer om farge
og så får eg håpa at dei får den fargen dei likar best.
.
Første vinnar er:
May med sin blogg mays lille verden
nr to:
Laila Karin med bloggen tankespinn og fargeklatter
nr tre:
Astrid med bloggen fjordheim
.
Send meg ein email med navn og adresse til ol-boe@online.no
så skal eg få sendt sokkane avgårde ein av dei fyrste dagane.
.
Ha ein fin dag alle saman.

lørdag 24. april 2010

Vår, eller er det vinter eller.....

Veret vekslar frå vinter til vår
kvar dag eller og frå morgon til kveld.

Eg køyrde opp hit på sommardekk
fordi eg trudde det gjekk mot varmare tider,
men det det ikkje slik ut

Vergudane har ikkje heilt bestemt seg
for å la sol og varme få sleppa til enno


så inntil vidare får vi behalda ullbolen på.


trass i store kvite snøflak
minusgrader og frost i bakken



har blomar og buskar byrja å vakna til liv att



så på solrike dagar kan ein sjå blomar som strekkjer mot sola


og set farge på markene rundt omkring
.

når sola er framme varmar ho godt om kinn
.

og vi får ei kjensle av vår


inntil snøen igjen dalar ned
og ligg ei stund
.
før regnet viskar bort alt det kvite
og det på ny vert liv i naturen.
.
Onsdag skal eg heim att
og mitt håp er at det vert ein vårdag
slik at eg får ein fin køyretur tilbake til Jæren.
.
Dette vert nok siste innlegg frå tida mi i Sogn,
så eg vil minna om utlodninga
trekninga skjer på torsdag,
vil du vera med så har du nokre dagar på deg.
.
Eg vil ynskja alle ei god helg.

onsdag 21. april 2010

Ut på tur

Nede ved Dalsfjorden ligg Jensebu
der starta turen vår i dag

vi gjekk over åsen
og ned til Fredensborg.


Eit par dagar på våren er det stor aktivitet her
froskane treffes og har vårens paringsakt i flokk.
Det er visst nok så mykje frosk her
at ein ikkje kan unngå å trø på dei.
Det er enno is på vatnet,
så det litt for tidleg i år.



etter ein god rast
starta vi på returen.


det går oppover og nedover


langs vatnet


før det går oppover i lia


mot åsens høgaste punkt på 160m

nedover gjennom skogen på andre sida
mot veien og Jensebua.
Her kjem bussen og henter oss
og bringer oss tilbake til senteret
akkurat i tide til å nå lunsjen på senteret.

søndag 18. april 2010

Dagane går....

og vi er komne halvvegs i opphaldet her i Fjaler.
Etter nokre flotte solrike vårdagar her i veka
har det pøsregna og snøa dei siste dagane.
.

Skyer og skodd hang lågt over dalen i dag tidleg
.
trea var tunge av regndråper
.

bekkar og elvar var fulle av vatn
.

eit lett snølag hadde lagt seg
.
.
medan eg går runden min
vert det sprekker i skylaget
og sola kikker såvidt framom.
.
Veret har skifta heile dagen
sol, snø, sol og snø
i skrivande stund er det nesten julekort stemning utafor....
.
Eg vil takke for kommentarar og gode ynskjer
eg har prøvd å få skriva kommentarar tilbake
men det det tek som oftast for lang tid
fordi nettet her er av og på heile tida.
Ha ein fin kveld.

onsdag 14. april 2010

alle mann på tur.....

Kvar onsdag er det felles utflukt for alle gruppene
.
kortare eller lengre tur
alt etter kor sprek ein er.
.

I dag starta turen med ein liten busstur
til eit fint turområde.
.

vi går på ein traktorveg innover i skogen
.
til vi ender opp ved ein rasteplass ved Botnatjønn
.

dette er første mål
.
den som har lyst kan gå eit stykke vidare på vegen
.
dei aller sprekaste tek turen rundt vatnet
.
Ein fin tur i eit flott vårver...

mandag 12. april 2010

Morgonstemning i Fjaler

Desse bileta tok eg på dagens morgontur.
.
Morgontur før frukost er obligatorisk for alle her.
Det er ein frisk og god start på dagen.
.
Eg vil ynskja alle ein god dag.

lørdag 10. april 2010

eit lite livsteikn frå Sogn og Fjordane.

Etter å ha prøvd nokre gonger
har eg endeleg fått lasta inn eit bilete her i frå Sogn.


Me er komne godt igang med treninga
og har mellom 2 og 4 fire økter dagleg.
.
Dei siste restane med snø
er i ferd med å forsvinna,
og i dag tidleg var her igjen frostgrader.
.
Medan dei fleste andre enno var i "drøymeland"
gjekk eg meg ein tur i morgonstilla.
Sola var på veg over åsen
og skein så flott på snølagde fjelltoppar.
Fuglane sang og kvitra,
og sjøen var blank som ein spegel.
Eg måtte stoppa opp ein augneblink
for å sjå på eit ekorn som hoppa frå grein til grein.
Ein bedre start på dagen kan ein neppe få.
.
Eg vil ynskja dykk alle ei god helg.

mandag 5. april 2010

Reiseklar

Påskehelga er over
og dagen er snart komen
då eg skal avgårde til nye veker
på treningsleiren oppi Sogn

Kofferten er pakka
og i morgon tidleg
set bilen kursen nordover
med overnatting undervegs
nordanom Bergen


er eg klar til første trenings økt
etter lunsj på onsdag.

Mellom fjell og fjord
ligg ei lita skogsbygd
den vert min heim dei neste 3 vekene.

Internet forbinnelsen er heller dårleg
men kan overraske innimellom.
Skal prøva å få til eit innlegg eller to,
men det vert nok få besøk og kommentarar
i andre blogger.
.
Tilslutt vil eg minna om utloddninga den 28.april.
Koselig om fleire vil delta.