lørdag 29. mai 2010

Volvotreff

Denne helga er det volvo det dreier seg om
turen går nordaust til Røldal

på nordsida av Bokna fjorden
ventar vi på vårt turfølgje
.
litt sol og litt skyer
.
det lover godt for hytte og utelivet i helga.
.

våre venner i P 1800 susar avgårde på smale og svingete vegar
.

Campingplassen i Røldal
skal etterkvart vert full av volvoar
i alle årsklassar, fargar og fasongar.
.
våre biler er parkert
sjåførane har sett seg godt til rette i sola
for å venta på dei neste som kjem
.

ein PV dukkar opp
.
3 P1800
.

og endå ein PV......
.

og så er det i gang
mannfolk og bil - motorar, årstal og modeller...
Dette er i utangspunktet eit sosialt treff
så det vert lite med pussing og gnikking på bilane...
.
sjølv om vi damene ikkje er interesserte i bilar
så hender det at vi plukker opp eit og anna
og tek oss sjølv i å snakka om bilane på tunet.
.
I dag skal vi ut på tur
i rad og rekke
på gamle vegar over fjellet
- det gler vi oss til.
Ha ein fin lørdag.

fredag 28. mai 2010

Det har vore travle tider her
mykje arbeid og anna
det har ikkje blitt tid til
tur, foto,pc og blogging.


eg vil bare ynskja alle ei God helg.

søndag 23. mai 2010

Steinkjerringa

I dag tok eg turen til Aniksdalheiane
.
for å gå innover til Steinkjerringa
eller Mor Norge,
som bilethoggaren Sigurd Sørensen i si tid kalla henne.
.
langt innpå heia sit ei steindame og skuer utover landskapet
.
her finns nesten ikkje ly for vinden
og heiane er stort sett snaue
.
ved eit og anna lite vatn finn ein nokre vekster
.
Steinkjerringa, eller Mor Norge
har sett ut over heiane sidan 1927.
.
då hadde ungdom frå Nærbø og Varhaug
slete i to år for å ho dit ho er i dag
.
Statuen vog i alt 3 tonn og vart fint delt i 3 deler.
Likevel vart det eit hardt strev for både folk og hester.
Det gjekk og hardt ut over reidskapen,
3 solingar under steinsleden sleit dei ut.
.
for å få Mor Norge opp på steinen
brukte dei "steinbukk" av telefonstolpar
.
det var grått og vindfullt på heia
men innimellom kunne ein skimta blå himmel
.
i ly bak ein stein
hadde litt blåbærlyng funne sin plass
.
andre vekster rundt eit vatn
.
på nedturen ser eg ut mot havet
.
Ein kan finna vegen til steinkjerringa frå fleire stadar,
eg valgte i dag å ta turen via Aniksdal, Vigrestad.

lørdag 22. mai 2010

form og farge i hagen

tok meg ein runde i hagen
for prøva ut ei lite brukt linse
.
eg jakta på fargar og former
.




Leik med linser er morro...
.
Eg vil ynskja alle god pinse.

torsdag 20. mai 2010

Løvetann

eller hestablom som vi seier her
står nå i full blomst over heile Jæren

same kor ein snur seg så lyser det gult i gult
så langt ein kan sjå
.
langs med steingardar
.
i grøfter
.
og vegkantar
. på åker og eng
.
i hagar og på jorder
.
til og med i sandynene på stranda
.
han veks i sand
.
og på steingrunn
.

Jærbuen er vel eigentleg ikkje glad i dette ugraset
men ein blir glad av å sjå på den gule lysande fargen.
Det går for lenge før grøfter og vegkantar blir slegne
så frøa dansar avgårde med vinden og sprer seg i full fart
- finn seg ein plass for neste års spirer og blomar.
Bønder og hagefolk er nok minst glad for denne gule utskjelte blomen
men sett frå mi si side
er det eit fargerikt innslag på førsommaren.

øvelse gjør mester

heiter det...
Pust inn, pust ut, mage inn og mage ut...
mage inn når lyden går ut....
.

høyrest kanskje merkelig ut
men ting som går automatisk når ein er liten
er no blitt noko eg må øva på
.
Den som har fylgt meg ei stund
veit at eg vart hes for vel 3 månadar sidan
og den hesheten er der fortsatt....
.
eg skal no læra å snakka på ny
finna tilbake til urtonen som logopeden seier
- jammen er det innvikla å snakka....
.

så her sit eg med vannflaska og blåserøyret
med konsentrasjonen på topp
for å prøva å finna den djupe urtonen
og få magen til å gå rette veien igjen....
.
dette vil visst ta tid
men øvelse gjør mester..

mandag 17. mai 2010

17.mai til fjells...

Dette året bestemte vi oss for å gjera ein vri på 17.mai feiringa
Ingen av oss hadde oppgåver på dagen
dermed kunne vi reisa avgårde til fjells.
.

herifrå skal eg gå til målet
og volvomannen dreg vidare med gammelbilen.
Volvoen og sauene danner fortroppen
i det vesle 17.mai toget
.
sauer er visst ikkje vande med å halda rekkjene
grønt gras lokkar meir enn heile paraden
.
bjørkjene vaia så vakkert i vinden
med sine nyutsprungne blad
.
oppover går det - med eller utan sauer
.


eg nærmar meg det høgaste punktet
.
på toppen står gammelbilen og ventar
for å få orden på rekkjene igjen....
.
med sekk på ryggen og norske flagg
det finns vel ikkje noko meir norskt enn det....???
.
fuglesang og Norges vakre natur
danner ramma for vårt vesle 17.mai tog
.

målet ligg langt der framme
.
dette er ein stad eg likar godt
stille og roleg - borte frå larm og bråk
men likevel så nært....
.
målet er nådd
- volvomannen sit her og ventar på baktroppen
.
ein vakker stad i mellom fjella
vanlegvis er vegen inn hit stengd for bilar,
men av og til er det greitt å vera kjenning av grunneigaren.
Volvomannen er dårleg til beins
og kunne ikkje teke denne turen utan transport...
.
i denne stova hadde ein gammelmann
fyrt godt i ovnen
- vi sat inne i gammelstova
åt vår niste og kake i anledning dagen.
Til vakker utsikt og lyden av sauebjøller
hadde vi ein fin avslutning på dagens tur til fjells.