torsdag 6. mai 2010

Ein liten tur til Bømlo

stod på programmet i dag.

for å koma dit vi skulle
måtte vi køyra over Kulleseidkanalen.
.
Kanalen var ferdig i 1856
og ein liten kuriositet frå denne første perioden
er at då var det tre brennevinsutsal i kanalområdet.

Den første brua var ferdig i 1925
og med den kom dei første bompengane på Bømlo
frå 2 til 180 skilling for kvar passering.
dette biletet har eg lånt her


I 1932 stod denne brua ferdig
og no har den og måtta gitt tapt for nyare og mordene tider.
.

Vi gjorde kun ein kort stopp her
i påvente av at klokka skulle gå.

.


Vårt mål var Lykling kyrkje
.
der vi fylgte ei kone, mor, bestemor, oldemor til sin siste kvilestad.
.

eg vil avslutta med ein av sangane i gravferda
.
Fager kveldsol smiler
over heimen ned.
Jord og himmel kviler
stillt i heilag fred
.
Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!
.
Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.
.
Så mitt hjarta stundar
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds fader arm.

.
ein sang eg likar godt, og som gjev rom for ettertanke.

3 kommentarer:

  1. Kondulere..
    Føler med dokke..

    Vakker sang som har vore fast innslag i familien min sine gravferder..

    Dvel ved dei gode minna!

    Klem

    SvarSlett
  2. Fager kveldsol smiler song alltid mor til oss barna når me skulle sove då me var små og me song den i gravferda hennar.

    Fine bilde :)

    SvarSlett
  3. Så flott det var at se. Skjönner det var en tung stund. Men det er det som er livet.
    Må si at det var en vakker sang.
    Har nog ikke hört den.

    Håper du har mange gode minner etter den du fölgte til den siste vilen.
    Klem Synnöve.

    SvarSlett