tirsdag 31. august 2010

I far sin hage

er det mykje fint å sjå
- og mykje godt å eta...
.
far er flink med hendene og mestrar det meste.
.
denne gongen har valgt å visa nokre av blomane
han har i sin hage.
.

Tusen takk for alle kommentarar, både her i bloggen og muntleg.

Eg set utruleg stor pris alle tilbakemeldingane som kjem.

Det er veldig fint å høyra at mine små "sprell" kan vera til inspirasjon for andre, og at somme kan tenkja seg å gå turane som eg har vore på.

Kjekt at de vil gå ilag med meg - om ikkje avstanden hadde vore så stor.

Blomebukketten frå far sin hage, vil eg gje til dykk alle -som takk, og med ynskje om ein god dag.

søndag 29. august 2010

Kongevegen, Grødaland - Obrestad

Etter all den gode maten vi fekk i bryllaupet i går,
var vi i dag litt tunge i "sessen"
og valgte ein "bortover" tur.
.
Vi fekk transport ned til Grødalandstunet
-eit museum bygd opp rundt eit gamalt gardstun.
.
ned til sjøen går vi på traktorveg
.
resten av turen er på kulturbeite
stiar og steinar
.
Jæren har hatt eit fantastisk ver i dag
sola skein frå blå himmel - mellom store skyer
- til å vera så nært havet, var nordavinden lite merkbar
.
Motiva eg viser i dag
handlar om steinar, beitemark, blått hav og blå himmel
.
Veien er lett å gå
med kun eit par små oppoverbakkar
.
Turen vi går i dag, er ein del av Kongevegen
som går langs med havet frå Nærland til Sirevåg, i Hå Kommune.
.
- på høgaste topp og speider ut over eit stille hav...
.
Langs Kongevegen ligg merke etter fleire hundre års med ferdsel
og fornminna er mange.
.
Vår tur endar i Obrestad havn.
Her sat i på ein benk i solveggen
åt nista vår og venta på skyss heim.

fredag 27. august 2010

tur i kveldsol

I dag vart det kveldstur på oss
.
på stranda, i kveldsol ..... og litt regn,
.
- og eg let bileta tala for seg sjølv...
.

Eg vil ynskja alle ei god helg.

torsdag 26. august 2010

fototur på Refsnes

Den planlagde "klatre" turen til ein fjelltopp
måtte avlysast i dag
på grunn av regn og vind.
I staden tok eg med meg ein annan "fotograf"
for å studera blomsterlivet i sanddynene på Refsnes.
.
vi haldt oss mykje på stiar av gras og sand.
.
på bakken fanns utallige blomar i mange fargar
.
vinden vart ei utfordring
- her bak dynene pleier det å vera vindstille eller lite vind
men i dag tok vinden godt på denne sida og.
.
litt fekk vi nå fotografert likevel....
.
skyene hang over oss omtrent heile tida
sola sende berre eit par stråler, av og til.
.
det er snart gjort å gløyma tid og stad
.
når ein har så mykje flott å sjå på
.
Skyene var mørkare og mørkare
.
og det var på tide å venda nasen heimover.
Før vi var framme med bilen
så datt regnet i bakken
og det var to gjennomvåte fotografer
som sette seg i bilen.
Trass i drypande hår og våte klær
var det ei fin og oppfriskande stund på stranda, denne dagen og.

onsdag 25. august 2010

Trening

Då vart det med eitt haustaleg på Jæren
med pøsregn og kuling,
og det freistar ikkje akkurat
til å ta ut på lange turar i naturen.
.
Då er det godt å ha ein "plan b"
for å få treningane gjennomført på andre måtar
.
- treningane i varmt basseng er starta opp att
og eg har mulighet til å vera med på 4 økter - på 3 dagar pr veke
noko som eg er med på så sant eg kan.
.
- eg deltek på ei økt pr veke, med styrketrening inne i hall
- og med kjellaren her heime full av apparat
er det ingen unnskyldning - det er bare å stå på.
.
I desse dagar er det 4 år sidan eg starta frå botnen
kroppen var sliten og tom for energi
og eg starta med ei økt i bassenget pr veke.
.
Når eg ser tilbake
er det nesten utruleg kva eg har fått til
på desse åra.
Frå å slita meg gjennom ei økt
til å kosa meg over kvar treningstime og tur.
Kropp og sjel har endra seg mykje på denne tida.
.
For mange er kilo og cm ein stor motivasjonsfaktor for trening.
For meg er det viktigare med dei små framstega,
i form av helse, uthaldenhet, nå nye turmål osv
- rett og slett klara ting eg ikkje klarte før...
.
Denne bloggen starta som motivasjon for meg sjølv
- å koma meg ut i naturen,
fortelja andre kva treningsøkter eg hadde gjort i løpet av dagen
ta bilete og visa dei fram her
- når eg no ser tilbake så er visst bloggen blitt meir
om turar ein kan gå og anna i naturen.......
.
Det viktigaste målet for meg desse åra
har vore:
"Eg skal ikkje gjera meir enn det er klarar å halda ut med over lang tid."
.
Er eg trøytt og sliten ein dag - så er det heilt okei å la vera å trena.
På den måten har eg ikkje hatt dårleg samvittighet for det eg ikkje har fått gjort,
eg har heller ikkje mista lysta til å stå.
.
Eg vil ynskja alle ein fin dag, med eller utan treningsaktiviteter.

søndag 22. august 2010

Hetland kraftstasjon, Ogna - Ualand

I dag startar turen frå Hetland kraftstasjon
.

Me er sør i Hå kommune
og i motsetning til det flate Jærlandskapet
skal me nå gå i eit kuppert fjelltereng,
langs Ogna elva
.
vi går under tre så høge og beine
.
igjennom skog
.
vi helsar på" skogvokteren"
.
og på flittige maurar
.
innimellom kjem vi ut på opne myrar
og helsar på sola
.
vi må over bekker små
.
og opp gjennom steinura
.
elva munnar ut i eit vatn,
før ho igjen vert ei elv
.
turen går gjennom Rabali naturreservat
som har eikeskog med stor formrikdom
.
fleire bekker små
.
vert tilslutt ei stor å.
.
Turen gjennom skog og hei endar på Ualand,
ein nedlagd gard.
Herifrå går vi på grusveg
til vi kjem nedanfor bommen
litt innafor Gjermestad gard, Hellvik,
der ein bil plukkar oss opp.
.
Hadde vi visst at turen til bommen var så lang
ville vi nok heller valgt å gå tilbake gjennom skogen.
.
Ein ny fin tur på ein av Jærens utallige turvegar.