søndag 15. august 2010

Synesvarden

Etter at morgondisen letta
så har det vore ein flotte dag her på Jæren.
Derfor pakka me sekken etter at eg var ferdig på arbeid
og sette kursen mot Kartavoll og Synesvarden.
.
Me er på høgjæren
her det fjell, stein, gras, blomar og lyng
ein ser mest av.
.
på turen mot toppen
må ein over 10 gjerdeklyvarar
.
på denne toppen ligg Synesvarden
.
allerede før ein er komen til topps
kan ein sjå langt i alle retningar
.
varden på toppen kan ein sjå frå alle kantar
den viser godt i igjen
det er vel derfor han har fått navnet Synesvarden
er 360 m.o.h. og ligg i ei 14 kvadratkm stor lynghei.
.
på bakerste fjelltopp
ser ein Bjerkreimsendaren
- ein topp eg skal opp på ein dag med mindre dis.
.
om ein går 3 km i sørvestleg retning
.
kjem ein til steinkjerringa
frå Synesvarden kan ein i dag bare såvidt skimta henne i disen
.
Vi går tilbake på stiar som er inngjerde
- om det er dyra som skal ha fred for turgåarane
eller motsatt skal eg ha usagt.......
.
Nå skal fire føter og to par sko
få kvile og ro,
slik at dei er utkvilte og klar for ein ny tur
om ein dag eller to.
.
Eg har no tre veker ferie
og håper på mange turar i mark og hei.

3 kommentarer:

  1. Flott tur dere har hatt. Herlig å gå slik i lyngheiene. Savner det når jeg er her. Her er det bare skog. Jaja. Håper jeg kan få gått til Synsvarden en gang jeg er nedover. Hvor langt er det fra Kartevoll? Er det godt skiltet til parkering der?
    Ha flotte feriedager, og herlige turer:)
    Gleder meg til bilder fra turene dine.

    SvarSlett
  2. Tak for turen ;-) God ferie

    SvarSlett
  3. Fantastisk turterreng, men jeg som er vant med fjell på alle kanter, syns nok det virker litt ensformig. Likevel fikk jeg lyst til å gå der, men det var fint å følge dere på turen her på bloggen. God ferie!

    SvarSlett