søndag 5. september 2010

Bjørnstølen

Vi er på veg heim frå Bergen,
og tek ein avstikkar på vegen
for å gå ein tur til Bjørnstølen.
Bilen parkerer vi på Bontveit.
.
Vi ser ned på garden der eg kan hugsa eg var eit par gonger som liten
- oldefar budde der til han var 95 år, og bestemor er født her.
Etter som åra går, vert det mindre og mindre kontakt hit
og den kontakten som er att, vil nok døy ut med generasjonen før meg.
.
- nokre spreke onkler og tanter på nærmare 80
er med meg på turen i dag.
.
Målet er Bjørnstølen
- denne stølen høyrer til gardsbruket som bestefar på Milde dreiv.
Bruket er i dag nedlagd, og stølen vert brukt som hytte.
.
På ca 380 m.o.h. finn ein stølen.
.
litt bortanfor finn ein utedoen
.
som er like forseggjort som huset.
.
her kan sitja i fred og ro
- og har ein dodøra open
kan ein nyta ein flott utsikt nedover dalen
.
I solveggen åt vi nistepakka
før eg og mannen måtte ta fatt på heimturen.
.
Ein fin måte å feira sin 29 års bryllaupsdag, eller...?

5 kommentarer:

  1. så koselig det er på gården her, og enda koseligere ser det ut på stølen, eller setra som jeg nok ville si. Så flotte gamle byggninger! Nydelig sted! Synd at en mister kontakt etterhvert!
    Gratulerer så mye med bryllupsdagen!
    -Margit-

    SvarSlett
  2. Koselige bilder fra stølen.
    Gratulerer med bryllupsdagen.
    Klem

    SvarSlett
  3. Så fint, naturen är storslagen. Vilken tur ni hade med vädret. Det var mycket fint att fira bröllopsdagen där kan jag tänka mig.
    Den gamla stugan är väldigt fin, sådana finns ej där nere i syd, där jag bor
    Tack för titten
    Monkan

    SvarSlett
  4. Gratulerer med 29 års bryllupsdag.
    Ja det må nå være en flott måte å feire bryllupsdagen på. Nydelige bilder fra et fint sted. Ønsker deg ei riktig god uke :)

    SvarSlett
  5. Takk for turen og gratulerer med overstått bryllupsdag!

    SvarSlett