mandag 31. januar 2011

Fuglaparken på Nærbø

I dag ein kan såvidt skimte sola bak det grå skylaget,
det er 5-6 plussgrader og vindstille.
Det er vår i lufta!
.
Fuglaparken er ein populær og mykje besøkt stad.
Både liten og stor tek seg ofte turar dit.
Har du med ein pose med litt gamalt brød,
kan du vera sikker på at du brått får stor "vennekrets".
.
Den første eg møtte var påfuglen
.
- han vart snart lei av å vera fotomodell
og snudde breisida til.....
.
her finns ender av mange slag...
.
me hadde med litt brød
- her er det "først til mølla" som gjeld...
.
- andre tek livet litt meir med ro, og venter på tur.
.
den posen med brød vi hadde med,
var langt ifrå nok til å metta alle desse munnane - eller nebba.
.
"under den hvite bro" fann vi ingen båt for to.....
.
- isen ligg enno på deler av vatna i parken,
.
- tre og buskar speglar seg i is og vatn.
.
Rundt vatna kan ein rusle i fred og ro,
eller ein kan ha litt større tempo
og bruke rundløypa som er laga til i ytterkanten av parken.
For oss vart det første, liten vits å jogga rundt med kameraet på magen...
Ha ein fin dag!

lørdag 29. januar 2011

Tur på strand i sol og vindstilla...

Her om dagen gjekk eg meg ein god tur på stranda
sola varma og det var vindstille.
Lyden av bølgjeskvulp
var som musikk i mine øyrer.
.

Ein god måte å starte resten av dagen på,
med opplada batteri og klart hovud.
.
God helg til alle der ute i den store bloggeverda.

torsdag 27. januar 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Eg har ein tanke om å farta litt i Rogaland i komande året,
fortrinnsvis langs kysten.
Om eg når alle krinkelkrokar, øyar, holmar og skjær
er vel heller tvilsomt,
men eg håper å nå store deler av fylket.
Aller helst har eg lyst til å gå tur i kystområda eg besøkjer,
men somme stader vil det nok verta foto frå bilveg eller eit berg
Dette vil verta lagt i eiga linje under etiketter
med eit felles navn på innlegga.
Eg startar på heimlege trakter,
med den delen som høyrer til mi eiga heimbygd, Nærbø.
.
Turen startar på Refsnes - stranda eg vandrar aller mest på.
.
eg bevegar meg sørover..
rundt dette neset
.
og vidare på Nærland strand.
.
ved enden av stranda startar ein steinrik del av jærkysten
.
turen går via Håtangen
.
forbi Hå gamle Prestegard

og til Obrestad Fyr.
.
Fyret ligg på ein topp,
.
herifrå og forbi Obrestad havn
.
er terrenget litt annleis
.
før det igjen vert flatt.
.
Denne gongen endar turen på Grødaland,
nokre mil i sørleg retning frå utgangspunktet.
.
I dag har eg brukt bilete frå arkivet,
men vidare vert det stort sett nye bilete
etter kvart som eg kjem meg rundt i fylket.
Ha ein fin dag.

torsdag 20. januar 2011

Tur under form og farge.....

I dag startar turen ved Obrestad havn
i solskin og vindstilla...
.
- turen går langs stranda og bort under haugen
.

- medan eg går der og lytter til stillhet og bølgeskvulp
.
endrar skyene form og himmelen skifter farger
.
- det vart mest som solnedgang midt på dagen...
.

- Obrstad fyr sett frå sørsida
ligg der i eit hav av blåfargar
.

- skarven på steinen og taretrålaren i eit rosa skjær....
.

- mot sør ser ein solnedgangens fargar
.

og mot nord blått i blått.....
.

Det slike gonger ein kan forstå

når det vert snakka om det spesielle lyset på Jæren.

mandag 17. januar 2011

Spasertur i sjøkanten, på Hå.

Medan resten av landet "snøar ned"
har det regna i bøtter og spann her på Jæren.
Is og snø er borte, og eng og åker er fulle av nye innsjøar...
.

I dag er her 6-7 plussgrader og disen heng "nedpå hustaka"
.
- det var herleg å vandra i sjøkanten
.
lytta til bølgene som slo mot land,
.
kjenna vinden om kinn
.
og sjå på fuglane som heldt til i bukta.
.
Jærbuen er vel fornøgd med den søen som har vore
og håper no at det er våren som er på veg......

torsdag 13. januar 2011

Tilbakeblikk eller....

I dag har eg gjort eit djupt dykk i arkivet...
- ein biletserie om ein sommar som var,
eller ein draum om varmare dagar....
.

- du får ta det til deg, som det passar best for deg...
Ha ein fin dag, folkens.