fredag 25. februar 2011

orkide

Ettter at eg flytta orkideane til vindu vendt mot aust,
så veks dei villig og blømer til alle tider.
.
God helg folkens.
og god veke i vind, regn, is og/ eller snø - eg skal nyta sola i sydlegare strøk.........
.

søndag 20. februar 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Langs fylkesveg 44 ligg Brusand
ei lita bygd i søre delen av Hå kommune.
.
Brusand sett frå sanddynene
.
Eg parkerer bilen på austsida av vegen
og går vestover mot havet.
.
Det første eg passerar er "Hitlertennene",
ein lang steingard med fleire rekkjer av steinblokker og betongblokker.
I 1942 starta tyskarane bygging av tanks sperring på Brusand,
fordi dei frykta ein alliert invasjon frå sjøen.
.
Fuglestadånå møter havet her.
.
Brusand strand, den siste av dei lange sandstrendene
før landskapet endrar karakter
.
og flate Jæren går over i kuppert landskap.
.
Eg går nordover - mot Kvalbein
.
På Holmestø finn ein tre av dei tradisjonelle båthusa på Jæren
.

bygd opp av steinvegger, med tretak/takpanner og dører.
.
700 m ut i havet ligg Raunen, ei av to øyer på Jæren.
- ser nesten ut som styrehuset på ein båt, frå denne kanten.
.
- over bukta, ser ein fjellandskapet
som fortset sørover i fylket
.
Eg går over sanddynene på tilbakevegen
.
ser ut over blått hav, kvite bølgetopper, stein og sand.

fredag 18. februar 2011

Tur ved sjøen

I dag måtte eg berre leggja alt anna til sides
og gå meg ein tur i solskinet.
.
- sol frå blå himmel og kald vind
sjøsprøyt og spor i sand.
.
Is på steinar
.
og langs land
.
vitnar om kor kaldt det har vore dei siste dagane.
.
- klare fargar på steinar og sjø
.
kvite skummande bølgetopper
.
eg klarte nesten ikkje sjå meg mett.
.
Iskalde fingrar, solvarma kinn
og hår til alle kantar....
Ein forfriskande og flott tur ved sjøen.
.
God helg!

onsdag 16. februar 2011

Tett på...

I dag har eg leika meg litt med kameraet.
- blomane er snart avblomstra og på veg ut av huset,
men likevel har dei noko flott ved seg.
.

Det vert dagar mellom kvart bloggeinnlegga for tida.
Eg er ikkje så ofte på tur,
fordi eg prøver ut andre former for trening.
Eg savnar frisk lufta og opplevelsane i naturen,
så når alt har kome inn i gode rutiner er eg snart på tur igjen....
Ha ein fin onsdag!

torsdag 10. februar 2011

Grått og vått langs havet....

Regn, vind og grå himmel og 5-6 plugrader...
- slik var veret då eg starta på dagens tur.
.
- det som kom og har kome ovanfrå
samlar seg i bekker og dammer
.
- det var sleipt og tungt å gå
.
men likevel forfriskande og godt.
.
gjerdeklyvarar er mykje brukt på Jæren
og eg måtte over 7-8 stk på turen.
.
God kveld.

tirsdag 8. februar 2011

Tulipaner


Ein bukett fargerike tulipaner til deg
med ynskje om ein god dag frå meg.