lørdag 23. april 2011

tur på strand

 Eg er tilbake på flate, opne, og vindfulle Jæren
 i dag går eg tur på "mi strand" - Refsnes
.
- før eg kjem ned til stranda
finn eg fleire små gule fargeklattar mellom gras og strå.

-  fargar og lys er litt spesielle i dag..
- havet går frå grønt til mørk blått, himmelen er blågrå
og den tørre sjøsanden lys grå
.
 - det bles godt og sanden gøymer snart mine fotefar 
 .
 - ¨på andre enden av stranda mellom steinar og strå
finn eg andre gule fargeklattar.
.
- det var i eit heldig øyeblikk eg fekk fotografert blomane
vinden var så sterk at det var ikkje heilt enkelt å halda kameraet i ro.
Eg har vist mange bilete frå denne stranda,
og tenkjer ofte at eg gjentek meg sjølv,
men samtidig ser eg noko nytt kvar tur eg går her
og litt av det prøver eg å formidle vidare til dykk....

2 kommentarer:

  1. Det er svært vakkert på Jæren. De flotte sandstrendene, den tidlige våren, den korte vinteren. Ønsker deg en fortsatt god påske:-)

    SvarSlett
  2. Det ligner en hel sommerstrand, der mangler bare liggestolen! Fortsat god påske til dig!

    SvarSlett