søndag 10. april 2011

Tur til Egerøy fyr.

 Disen heng ennå i lufta
i det vi startar på dagens tur.
.
Turen startar frå Seglem på nordre Egerøy
.
 Vi går bakkar opp og bakkar ned
gjennom port etter port
.
 Halvvegs, oppe på ein høyde, ser vi utover mot fyret.
- disen gjer at det meste vert grått.
Hit kan ein sykla eller ha med barnevogn,
resten av turen går i ulendt terreng.
.
 Tek vi eit blikk tilbake dit vi kom frå
ser ein deler av Egerøy og til fjella lenger inne i landet.
.
-  ingen vind og blikk stille vatn
.
- mange spegelbilete å sjå undervegs.
 .
 rekkverket frå fyrvokter boligen og utover til fyret
er tæra av tidens tann
.
 Nedanfor fyret sat vi oss ned,
vi åt nista og tok til oss av det vi såg rundt oss.
Ikkje eit vindpust var å kjenna her ute i havgapet,
og gradestokken viser rundt 15-16 grader,
nesten som ein forsmak på sommaren.
.
 Turen tilbake går ned og opp dei same bakkane
.
 langs med sjøen
.
og tilbake til utgangspunktet.
.
Ein fin tur i det flotte vårveret.

3 kommentarer:

  1. Takk for "turen" og vakre bilder Ruth.
    Ha ei fin uke.
    Berit.

    SvarSlett
  2. Ja dette var , som vanlig fra deg, flott å få være med på! Å som jeg skulle villet gå der en dag! Kjenner at jeg lengter mer og mer etter at snøen skal forsvinne og det skal bli tørt og fint! Gleder meg til marketurene kan starte! Ønsker deg en fin ny uke! -Margit-

    SvarSlett
  3. Ja, som sædvanlig en dejlig billedetur...som det dog er smukke billeder! Hav endnu en god vårdag!

    SvarSlett