lørdag 28. mai 2011

Etter regn...

 Det har regna og blese heile dagen,
men no kveldinga kom sola og himmelen vart blå...
Å gå ut etter regn er godt,
lufta er frisk og ein kjenner blomsterduft lang veg.
.
- blomane er ennå regntunge
.
 - kattane kom springande etter meg,
dei for framom meg og snudde seg stadig for å sjå om eg kom etter
 .
 dei mørke skyene er på veg innover i landet
.
motiva er mange og det tek litt tid når alt skal fotograferast 
 .
 - kattane fann seg kvar sin stein,
og sat så tålmodige og venta på meg...
.
-  ein kort luftetur, ei kveldstund på Jæren

Rhododendron og litt til...

 Blomar frå ein "lånt" hage,
ved barndomsheimen til ei venninne, i Oltesvik.
.

 GOD HELG!

torsdag 26. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Denne gongen har eg valgt å besøkja 3 stader,
dei har ein fellesnevnar - dei ligg langs Høgsfjorden/Frafjorden,
og geografisk høyrer dei til i Gjesdal Kommune.
Eg køyrer riksveg 45 frå Ålgård.
Det gjer at dette innlegget vert litt lenger enn vanleg.
Den mest oppmerksame vil nok oppdaga at bileta er tekne på forskjellige dagar.
.
Inne i vika her ved Ragsvatnet ligg Oltesvik,
vatnet du ser lengst bak er Høgsfjorden, - 37 m lågare enn vatnet.
.
 Oltesvik kai er gamal og ber preg av dårleg vedlikehald,
 noko som nok heng saman med at han no vert lite brukt.
.
Ei gong i tida var her eit knutepunkt for handel og utfart.
Bygda ein skimtar på andre sida av Høgsfjorden er Rossavik
.

 Det einaste som er i drift i dag er Oltesvik Kraftverk,
som utnyttar vatnet som renn ned frå Ragsvatnet.
.
 Vi dreg vidare innover langs fjorden,
her endar Høgsfjorden og me ser innløpet til Frafjord.
.
 Bygda Dirdal ligg innerst i Høgsfjorden
.
 - mellom høge fjell.
.
utover Høgsfjorden sett frå Dirdal.
.
 Ferda går vidar innover dalen,
og me passerar Dirdal Kyrkje som er bygd i 1903.
Legg du merke til noko spesielt med denne kyrkja?
.
 Frafjorden har høge fjell på begge sider
- den eine sida ligg i Gjesdal og andre sida i Forsand.
.
 For nokre år sidan fekk folket her ein etterlengta tunnel,
der dei kunne kome seg ut/inn av bygda
utan å køyra den rasfarlege vegen over fjellet (Giljastølen)
.
 I fjor gjekk eg turen frå Giljastølen og ned til Frafjord,
det er då desse bileta er tekne.
.
 Frå kaien i Frafjord ser ein opp på toppen der Giljastølen ligg
.
 Me køyrer på smale vegar innover den frodige dalen
.
 - vil ein vidare når ein kjem innerst i dalen må ein ta føtene fatt,
Mange finn vegen hit og går innover i fjellet.
.
Den mest besøkte staden er nok Månafossen, med eit fall på 92 meter,
15-25 minutts "klatreetappe" oppover fjellet.
Dagens reis er endar her,
men snart er eg på farten igjen, til ein annan del av Rogaland fylke.

onsdag 25. mai 2011

grått i grått, og litt blått

 Det er fint å gå under himmel så grå,
det regnar og vinden aukar på

- frå havet kjem duren
omtrent som tåkeluren
.
 - bølgjer, sand og himmel
som ein grå vrimmel
.
 - eg går og eg går
vinden ruskar i mitt hår
.
 - så lenge eg ser mot sør
er havet eit evigt rør
.
 - eg snur mot nord nå
og ser ein himmel så blå
 .
- sola ho skin
gjer naturen så fin

- her er fargane mange
som mitt auga kan fange...
.
Det er fint å gå langs havet på slike dagar og.

mandag 23. mai 2011

Blått hav, blå himmel, sand, stein, og to tre blomar...

Ei morgonstund på stranda.
.
- sjå blått hav og kvite bølgetopper
.
 - gå på ei strand der alle spor er viska ut
.
 - sjå på bølgjene som bryt innover mot stein og sand
.
 - kjenna vinden ruska i mitt hår
.
 -  gå i sanddynene
.
 - sjå på fargerike blomar som veks mellom gras og strå
.
- ein slik tur er ein god og flott måte å starta dagen på.