fredag 13. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Turen går vidare sørover mot fylkesgrensa langs fylkesveg 44.
Vi køyrer i fjelllandskap, det er mykje opp/ned og mange svingar.
.
Når vi kjem over ein av toppane, kan vi gå ut på eit utsiktspunkt
der ein ser utover Jøssingfjorden.
.
 Når vi kjem ned i dalen, i Jøssinghavn
 gjer vi eit stopp ein stad vi alltid har køyrt rett forbi,
og kun sett frå hovudvegen.
Som barn snakka vi alltid om dei husa som det aldri hadde regna på.
.
 Husa under Helleren er restar etter bustning som går langt tilbake i tid.
.
I historisk tid var Helleren husmannsplass under garden Haneberg.
Folk levde av fisken i havet,
og husdyr som nyttigjorde seg det sparsommelige foret.
.
 Husa står utan taktekking, fordi fjellet beskytter husa i dag
- som det har gjort i uminnelege tider.
.
 Helleren er ca 60 meter lang og inntil 10 meter djup fra dråpefallet og inn.
 .
 Helleren blei fråflytta på 1920 talet.
.
 Me går tilbake til bilen
.
 køyrar vidare på vår veg
og kastar eit siste blikk på husa under Helleren.
 .
 Vi svingar av hovudvegen og køyrer langs fjorden
.
- så langt vi kjem og til vi ser at fjorden møter havet.

2 kommentarer:

  1. Tror nog det skulle kännas lite vanskligt att bo under berget så där. Så fin tur du tar oss med på. Det är alltid lika roligt att titta in till dej och se dina bilder.
    Ha det så gott.
    Kram Birgitta

    SvarSlett
  2. Good weather , light and sun !!!

    SvarSlett