torsdag 26. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Denne gongen har eg valgt å besøkja 3 stader,
dei har ein fellesnevnar - dei ligg langs Høgsfjorden/Frafjorden,
og geografisk høyrer dei til i Gjesdal Kommune.
Eg køyrer riksveg 45 frå Ålgård.
Det gjer at dette innlegget vert litt lenger enn vanleg.
Den mest oppmerksame vil nok oppdaga at bileta er tekne på forskjellige dagar.
.
Inne i vika her ved Ragsvatnet ligg Oltesvik,
vatnet du ser lengst bak er Høgsfjorden, - 37 m lågare enn vatnet.
.
 Oltesvik kai er gamal og ber preg av dårleg vedlikehald,
 noko som nok heng saman med at han no vert lite brukt.
.
Ei gong i tida var her eit knutepunkt for handel og utfart.
Bygda ein skimtar på andre sida av Høgsfjorden er Rossavik
.

 Det einaste som er i drift i dag er Oltesvik Kraftverk,
som utnyttar vatnet som renn ned frå Ragsvatnet.
.
 Vi dreg vidare innover langs fjorden,
her endar Høgsfjorden og me ser innløpet til Frafjord.
.
 Bygda Dirdal ligg innerst i Høgsfjorden
.
 - mellom høge fjell.
.
utover Høgsfjorden sett frå Dirdal.
.
 Ferda går vidar innover dalen,
og me passerar Dirdal Kyrkje som er bygd i 1903.
Legg du merke til noko spesielt med denne kyrkja?
.
 Frafjorden har høge fjell på begge sider
- den eine sida ligg i Gjesdal og andre sida i Forsand.
.
 For nokre år sidan fekk folket her ein etterlengta tunnel,
der dei kunne kome seg ut/inn av bygda
utan å køyra den rasfarlege vegen over fjellet (Giljastølen)
.
 I fjor gjekk eg turen frå Giljastølen og ned til Frafjord,
det er då desse bileta er tekne.
.
 Frå kaien i Frafjord ser ein opp på toppen der Giljastølen ligg
.
 Me køyrer på smale vegar innover den frodige dalen
.
 - vil ein vidare når ein kjem innerst i dalen må ein ta føtene fatt,
Mange finn vegen hit og går innover i fjellet.
.
Den mest besøkte staden er nok Månafossen, med eit fall på 92 meter,
15-25 minutts "klatreetappe" oppover fjellet.
Dagens reis er endar her,
men snart er eg på farten igjen, til ein annan del av Rogaland fylke.

3 kommentarer:

  1. Var på tur til Byrkjedal da jeg var heime sist.
    Kjører jo forbi der hver gang vi bruker veien over Sirdal/Setesdal. Flott oppi der.
    Har aldri vært ved Månafossen. Tenker på det hver gang vi kjører der at di skulle tatt turen å sett på den fossen. Vi får se om vi rekker det en gang.
    Ha ei riktig god helg med flotte turer :)

    SvarSlett
  2. Nydelig tur å få være med på!Flotte bilder! Den kirka, det jeg ser er at tårnet og kirkeskipet er røstet hver sin vei. Det er jo litt uvanlig iallefall. Ha det godt og god helg! -Margit-

    SvarSlett
  3. Mektig natur og flotte bilder Ruth.
    Når det gjleder problemene med blogg så virker det som at, noen får til og kommentere, andre ikke. Har lest at andre bloggere har hatt problemer også siste uken. Fikk ikke til å kommentere hos dere andre før jeg fikk som råd å skifte fra explorer til firefox på min pc, da ble det greit hos meg.
    Er ikke særlig teknisk av meg, så hva dette kan være vet jeg ikke Ruth, men håper det ordner seg.
    Ha en fin dag Ruth:)

    SvarSlett