torsdag 30. juni 2011

Tur på Obrestad


 Turen startar ved Obrestad havn,
Himmelen er grå, med ei og anna solstråle som klarar å koma gjennom skylaget.
Det bles godt og vinden tek godt tak i liten og stor.

- eg går forbi den vesle stranda der måkane fyk opp i flokk...
.
- eg må over steingarden
.
- for å koma inn på den oppmerka løypa
.
 - som går tvers over beitet til kyene


 - skråninga utafor beitet, er full av markblomar
.


- kua tygg berre vidare og gløtter såvidt opp på meg...

 - eg går vidare i skråninga
.

 - mot Obrestad fyr.
Eg snur før eg kjem heilt bort til fyret,
.

- og går same vegen tilbake.
.

 - trass i den sterke vinden, klarer eg å fanga denne prestekragen
i eit sekund mellom to vindkast...
.

Ein frisk og vindfull, men god tur.



onsdag 29. juni 2011

Minner frå i fjor...

 Her har regna og blese godt dei siste dagane
og det har blitt få turar med kameraet.
Slike dagar kan brukast til rydding i arkivet....
.
- her er nokre av bileta eg tok i juni 2010...
.
 - nå venter me berre på at sola skal koma fram
og gje oss litt sommar varme i år og...

tirsdag 28. juni 2011

Skyer i kveldsol...

 - I går kveld, nokre få minutt før sola forsvann i hav disen,
farga ho ei stripe på jærhimmelen.
.
Ta vare på dei små øyeblikka - dei kjem aldri tilbake. 

mandag 27. juni 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Mellom Tau og Stavanger kjem ein over fjorden med Tauferja
.
Dette er eit ferjesamband med stor trafikk,
- ferja har ikkje ein gong gått frå land
før kaien igjen er i ferd med å fyllast opp.
.
 Tau er ein liten plass, der nesten alle kjenner alle....
.
 Tau Mølle har vore i drift i over 150 år
 .
Utdrag frå Tau Mølle si heimeside: 
Tau Mølles historie begynte lenge før noen av oss som jobber her i dag, ble født. Vi på Tau driver en mølle som utrolig nok har vært i drift i over 150 år, gjennom opp- og nedgangstider, sol og regn, store samfunnsendringer og to verdenskriger. Mølla har overlevd fordi den har hatt både vilje og evne til å tilpasse seg. Denne historien er vi en del av – og vi er faktisk ganske stolte av at også vi har utviklet oss!
.
 I det ferja legg frå kai
ser vi meir av bygda Tau og småbåthavna der.
.
 - lenger ute i fjorden møter vi båter
.
 - både små og store
.
Eg ser at fleire spør etter kor mine innlegg er i frå, geografisk sett..
Rogaland fylke ligg ved kysten, sør vest i Norge
Haugesund, Stavanger og Egersund er 3 byar ein kan gå ut frå
om ein skal finna området på kartet.

tirsdag 21. juni 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Eg startar der eg slutta ved sist innlegg,
ved Lysefjordbrua.
.

Lysefjordbrua er ei tradisjonell hengebru over Lysefjorden i Forsand kommune. Brua ble åpnet i desember 1997 og er 640 meter lang. Hovedspennet er på 446 meter og har sidespenn på til sammen 193 meter. Seilingshøyden er 50 meter
.

Vi køyrer langs Lysefjorden på Fv 496
.
  og snur på Fossmark der veien endar, ved garden Fossmork.
.
 - veien er smal og svingete,
somme plasser heng fjellet godt ut over veien
.
 - eit stykke nede i vegen svingar vi oppover igjen, mot Skrøylå
.
 - På Skrøylå finns det ein innegjerda parkering/rasteplass
med utsikt ned til Lysefjorden.
Dette er og eit utgangspunkt for fleire turmål.
.
 - i dag er vi her berre for å sjå oss omkring,
gåturen skal vi ta ei anna gong.
.
 - Fossmark er ein liten plass,
 for å ha eit holdepunkt om du leitar på kartet,
så er Preikestolen sånn omtrent rett over på andre sida av fjorden.
.
 - turen nedover er flott
.
 - vegen er svigete og smal
.
 - ein hest kikkar så vidt bort på oss i det vi køyrer forbi..
.
 - vi køyrer forbi Øvre Eidane
.
 - langs Eidavatnet
.
- og tilbake til riksvei 13.
- ein fin tur og god mulighet til å koma seg opp på fjellet,
sjølv for den som ikkje kan å gå lange turar.

mandag 20. juni 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 I dag startar turen på kaien i Lauvik, i Sandnes Kommune
(- igjen bestemmer veret seg for å vera grått når eg tek ut....)
.
- vi står i ferjekø for å koma over til Oanes
.
 - frå Lauvik ser ein over fjorden
Oanes til venstre og Forsand til høgre
.
- ferja ligg til kai på ved Oanes
 .
 - ferja svingar ut på fjorden - nesten over til Forsand
.
Oanes ved Høgsfjorden er ein del av Forsand kommune.
.
 - ferja legg til kai på Lauvik
.
 - vi stopper ved Lysefjordsenteret
og ser oss tilbake
- Forsand er til venstre og Lauvik innafor ferja
.

 - dreg ein med båt under Lysefjordbrua
og vidare innover fjorden kjem ein inn i Lysefjorden
.
 Forsand ei bygd med 1149 innbygjarar og eit areal på 780 km².
Jordbruk, turisme, sanduttak og kraftproduksjon er viktige næringsveier
.
 - Forsand var ikkje det eigentlege målet
men vi svinga ein kort tur nedom kaien
.
 - vårt mål er vidare på vegen under Lysefjordbrua
.
og det skal eg skriva om i neste innlegg...
(om du klikker på bileta så vert dei noko større)