fredag 29. juli 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Rundturen i Stavanger startar ved Breiavatnet
- vatnet som ligg midt i byen.
.
 Bak fontenen ligg Kongsgård som no vert brukt som skule.
.
 - rundt kantane av vatnet ligg det blomar og lys
og minner oss om tragedien for nokre dagar sidan.
.
 - blomster haugen utanfor Domkyrkja aukar for kvar dag.
.
 - vi går vidare ned i Vågen
.
 - og mot gamle Stavanger
.
 - her ligg dei små trehusa tett i tett
.
 ved smale gater og smau
.
  - runturen endar der han starta - ved Breiavatnet
.
Gutten og andemor er laga av Erik Haugland i 1953
er plassert i Byparken ved Kongsgård skole.

Stavanger havn - Tall ships race

Tall ships race besøkjer Stavanger i desse dagar.
Flotte seilskuter, både store og små.
.
 - mange mennesker har teke vegen til Stavanger
.
  - ein må litt opp i høgda for å få full oversikt...
.
 - ein vert liten ved sida av desse store flotte skutene.

- sjølv om ikkje lysforholda var av beste slag
har eg prøvd å få fram korleis Stavanger havn
er fyllt til randen av båter frå inn og utland.
 Eit flott og imponerande syn.

onsdag 27. juli 2011

Refsnes strand

Skyene heng mørke over Jæren
vinden tek tak i blomar og strå
ingen sommarleg temperatur
likevel ein fin dag for tur.
 .
 Det var godt å kjenna vinden ta tak
- godt å høyra bølgjene slå
- godt å sjå blomar i alle fargar
- godt å høyra fuglane syngja
- det var godt å bytta ut inntrykk frå TV skjermen
med alt som stranda kan by på
.

 Tusen takk for alle gode kommentarar,
eg set stor pris på tilbakemeldingar av alle slag.
.
Ha ein fin dag alle saman.

søndag 24. juli 2011

Dugnad

 På Serigstad i Time ligg det eit lite gardsbruk.
Det er gamalt og bygningane har ikkje blitt opp pussa på mange år.
Ei ung jente har no overteke eigendomen.
Ho er no igang med det store arbeidet å setja i stand bygningane.
Fagfolka skal ta seg av restaureringa, men riving vert gjort på dugnad.
Familie, slekt og venner er invitert til å gjera ein innsats.
Det er ein grå og våt dag dag,
men litt regn stoppar ikkje ein ivrig arbeidsom Jærbu.
.
- fram til i fjor var det berre utedo her på bruket.
.
 - vesle Tinka spring rundt føtene på arbeidsfolket
.
 - i denne omgang er det løa som skal restaurerast
.
 - pannene vert stabla i kasser for seinare bruk
.
 - Andreas gås stod på same steinen heile tida
og haldt oversikt over det som vart gjort.
Enkelte vart godvenn med Andreas og fekk klø han på nakken.
.
 - pannene er nede og no skal det rivast innvendig
.
 - vel, enkelte tek seg opp på taket
for å løysa plankene frå utsida.
.
 - sidan denne fotografen ikkje trivst inne i slike støvfulle hus
tok han seg ein runde rundt husa på fotojakt.
.
 - her er litt av det eg såg rundt omkring.
.

 Væren Alma litt vilter og folkesky
 .

Mange var med på arbeidet, så rivinga gjekk unna i ein fei.
Dugnadsånda lever fortsatt på Jæren.