onsdag 30. november 2011

Ved Setretjørn

ein november ettermiddag
 - ein rusle tur under høge tre
 - langs eit islagd vatn
 - i det sola begynner på si ferd mot kveld 

 ein fin rusletur ved vatnet langt inne i skogen

søndag 27. november 2011

Tenn lys


Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.

God 1. søndag i advent!

lørdag 26. november 2011

lørdag 19. november 2011

rusletur på Brusand

- eg går langs elva som renn stille mot havet
 - elva er som ein spegel 
 - eg går mot høgre og inn på ei mindre strand
 - her ligg steinane tett i tett
 - utanfor nausta ligg båtane på land i påvente av ein ny vår og sommar
 - sola skin frå blå himmel, ingen vind
 gradestokken viser 12-13 grader
 - grøne spirer
 - og løvetann så gul..
Ein kunne nesten tru at det var ein tidleg sommardag,
- ikkje november og snart vinter
 - det er så fredelig å gå slik ved havet
 - sjå på bølgjene som kjem mot land
 - og kjenna på varmen frå sola.
 -ein tur på den lange Brusand strand får eg ta ein annan dag.
- full av ny energi er det på tide å reise heim og ta fatt på mine daglege gjøremål.

mandag 14. november 2011

Vakkert i solrenninga/ soloppgangen



 Eg ynskjer dykk alle ein strålande dag !

lørdag 12. november 2011

brudepar fotografering

Den 11.11.11 er ein merkedag for mange
og det er blant anna populært å inngå ekteskap denne dagen.
- sol frå blå himmel, litt vind og eit hav så blått
 - Jæren viser seg frå si beste side
 Eit par som gav kvarandre sitt ja, den 11.11.11
 gjorde det i all hemmelighet for slekt og venner
 - den utvalgte fotograf, meg
fekk ein fin dag saman med brudeparet.
-  hav og himmel, stein og sjø
 - ei flott ramme rundt eit vakkert brudepar

 Gratulera med bryllaupsdagen mine venner.


fredag 11. november 2011

Tidleg morgon

I vest lyser månen stor og rund
 - og i aust er sola på veg over åskanten
 - det er som om heile himmelen brenn
- snart bleiknar fargane og ein ny dag er på veg. 

God Fredag!

mandag 7. november 2011

stille og vårlig på stranda

Sola skin frå nesten blå himmel
og varmar godt om kinn
 - eg rusler langs stranda
 - lytter til stillheten rundt meg
- bølgjene ruller rolig mot land
 - når ein går slik i ro og fred
 - kan ein la tankane fly
og la hovudet fyllast på ny
med bilete av sol, sjø og sand
- mellom gras og strå lyser løvetann så gul
 - slange i sand
 - ein løvetann stråler om kapp med sola
- regn tunge skyer kjem inn frå sør
det er på tide å finna vegen heim
vi skriv november , gradestokken viser 12 grader
og hestablommen (som vi seier her) eller løvetannen
har fått ein ny vår...