onsdag 2. mai 2012

Rogaland rundt - langs kyst og fjord,

Mosterøy, Klosterøy og Fjøløy
På Mosterøy stoppa vi på Haugvaldstad, for å gå til øya sitt høgaste punkt

_MG_6091 a

Vi går oppover på traktor veg, det er fint å gå, og utsikten er flott
_MG_6101 a
Mastravarden 154 meter over havet
_MG_6106 a
Herifrå ser ein alt frå Stavanger til Bokn
under ser vi Klosterøy  og Fjøløy
_MG_6108 a
På veg ned att ser vi ned på Mastrafjorden
_MG_6130 a
vi ser ned på Finnesandbukta og mot Bokn
_MG_6137 a
Vi går langs steingardar som er bygd på ein annan måte enn heime på Jæren
_MG_6140 a
Toppturen til Mastravarden er ein fin tur, det er ikkje bratt, men jamn stigning heile vegen.
.
Vårt rundreise går vidare til Klosterøy - her stoppar i bukta ved Utstein Kloster
_MG_6152 a
Klosteret vart bygd i mellomalderen, og på det meste budde det 20-30 munkar her.
Klosteret er i dag brukt til museum, konferansesenter og overnattingsstad

_MG_6155 a
Etter ein kort stopp ved klosteret, dreg vi vidare til Fjøløy.
Her er målet Fjøløy fyr
_MG_6169 a
Fyret vart bygd i 1849 og ligg ved Kvitsøy fjorden.
_MG_6172 a
Her er utsikt til Karmøy i nord, Kvitsøy i vest og Tungenes i sør
_MG_6174 a
vi er komne til veis ende på rundturen vår i dag,
og køyrer tilbake same vegen vi kom,
og gjer eit siste stopp ved kanalen mellom Klosterøy og Mosterøy
_MG_6193 a
her ser vi utover Finnesandbukta
_MG_6194 a
Ein fin rundtur på ein veldig fin vårdag.
.

3 kommentarer:

  1. Takk for turen igjen! Så utrolig flotte bilder. Fantastisk natur. Klosteret er imponerende. Flott med slik historie.

    SvarSlett
  2. Jammen meg er du sprek. Enda en flott tur tilbakelagt! Tusen takk :-)

    Fantastisk landskap formidlet i flotte bilder. Fryder meg hver gang jeg får oppleve turen med deg :-)

    God onsdag!

    SvarSlett
  3. For en fin tur og kjempeflotte bilder!
    Ønsker deg en fin dag!
    Klem fra Turid;)

    SvarSlett