tirsdag 31. juli 2012

I sol og regn....

- Sol, regn, sol, regn... og litt vind,
slik har dagane vore på Jæren, i det siste.
- Sola hadde forsvunne bak eit lett skylag,
då vi kom fram til Tungenes i Randaberg Kommune.
 - det var vindstille og spegelblankt vatn i den vesle småbåthavna.
 - vi utover forbi varden mot fyret
 - Tungenes Fyr
 - etter kvart vert himmelen mørkare
 - vinden aukar på og regnet kjem.
Vi kjøper oss ein kaffikopp, medan vi venter på at regnbyga skal slutta.
 - når vi kjem ut att, er himmelen i nord, mørk og svart,
sola lyser frå sør og lagar eit flott lys
 - Kvitsøy ferja som kjem innover fjorden,
er fortsatt i den delen av fjorden som har sol...
- sola forsvinn bak skyene 
 - etter kvart byrja store regndråper å dette ned frå himmelen
- no er det på tide å få opp farten og koma seg i bilen...
- me vart berre "litt" våte.
- desse regnbygene kjem nokså lokalt,
- etter berre nokre få 100 meter køyrer vi inn i solskinet igjen.
- på heimvegen stoppa vi ved 
Husmannsplassen Træet i Time kommune.
Her skein sola så flott over dette vesle tunet.

fredag 27. juli 2012

Under blåsvarte skyer....

Turen går denne gongen til Brusand, 
der eg går ned til sjøen ved nordre enden av Brusand strand.
Blå/grå/svarte skyer ligg som eit teppe over Jæren.
Sola og lyset slepp ikkje gjennom skyene, så lyset er nokså "flatt".
Vinden tek godt i, men det er likevel god temperatur.
- Eg passerar den store stranda og svinger nordover
 - somme stader er det nesten vindstille,
her stopper eg og ser på blomane som veks mellom dei store stråa.
 - målet er desse sjøhusa/nausta.
her kan ein finna mange foto motiv.....
 - på vegen endrar lyset seg,
ein kan merke at nokre solstråler kjem gjennom skylaget.
 - eg går tilbake over den vesle stranda som er full av stein
 - tilbake mot den store stranda som er lang, kvit og utan stein...
- eg passerar utløpet til Fuglestadåna

 -  går vidare på grusevegen tilbake til hovudvegen.
- ein ny fin tur langs sjøen....

onsdag 18. juli 2012

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Turen i dag startar på Sele strand, på Jæren.
Vi går langs stranda i nordleg retning.
- når vi ser utover havet skimtar vi Feistein fyr, eit stykke utover sjøen
 - Feistein fyr er et fyr i Klepp kommune på Jæren. 
Fyret ligger på en holme ved Jærens rev, utenfor Borestranda og Selestranda. 
Det er grunt rundt Feistein.
- oppe frå sanddynene har vi god oversikt over Sele stranda
 - vi går vidare mot nord - fyret ser vi heile tida
 - Sele havn
 - Feistein fyr ligg 2 km vest for havna
 - kystlinja sørover mot Sele og Bore strand
 - vi gjer vendereis og forlet dei fargerika nausta på Sele.
- i dette området er det lett å gå for alle...

mandag 16. juli 2012

To turar på same dag.....

Grå tunge skyer, grå strand og grått hav...
og litt regn som dett rett ned - (noko som ikkje skjer så ofte på Jæren.)
Slike dagar er det og fint å gå på tur på stranda.
- Det er ingen vind, ingen fuglar som syng,
forutan lyden av bølgjene som slår mot land, er det stille her på Nærland i dag.
- regndråpane heng store og tunge på blomane
- på ein avstand har nesten alt ein gråtone over seg.
 - litt utpå ettermiddagen kikker sola fram
 - då gjekk eg meg ein ny tur i same området - her på Selvåg strand
 - Håtangen/Voien
 - der ein ser over til Obrestad fyr.
 - eg går langs bondens kornåker,
 - som lyser så gul og fin mot den mørke himmelen
 - gulerøtene står på geledd i beine rekker....
 - det er enno ei stund til sola går i havet,
og  kveldsfargane har såvidt begynt å visa seg på himmelen i vest.

tirsdag 3. juli 2012

Ved Ogna elvas utløp

I dag starter turen ved "Svingen grill", på Ogna, som ligg like ved Nordsjøvegen,
- hovudvegen mellom Stavanger og Egesund, langs Jærkysten.
Frå vegen ser eg i den retning elva renn mot havet.
Langs elva finns fleire fiskarar, Ogna elva er ei populær lakseelv.
 - det var ein gong ein sti....
 - eg går forbi restane av ei gamal bru
 - stien mellom blomar og grass, 
går snart over til å bli starten på ei sandstrand
 - det er like før elva når havet
 - eg går opp på berga som ligg ytterst mot havet
 - små blomar veks der det finns live
 - innimellom store strå finn ein andre blomar
 - frå toppen av fjellknausen ser eg utover havet
 - Ognasanden
 - etter å ha sett meg rundt frå svabergets topp,
går eg tilbake mot utgangspunktet
- på andre sida av elva
 tek dei firbeinte på Ogna seg eit bad...
 - nesten framme ser eg meg tilbake....
- ein fin tur, på ein av dei varmare dagane i juni....