mandag 27. august 2012

Tur til Gursli gruver

 For å koma til Gursli, 
må ei ta av frå E 39 ved Moi i Lund i retning Hauge i Dalane.
Etter to -tre kilometer kjem ein til Gursli og ein liten parkeingsplass langs vegen.
 Dei første metrane opppover går på smal og litt steinete sti,
før ein kjem inn på traktorvegen som ein kan gå på nesten fram til gruvene.
 - den første halvtimen går det jevnt oppover,
skogen har vakse seg høg,
men av og til kan ein sjå ned mot Lundevatnet.
 - sola skin og det er lunt mellom trea
 - nesten på toppen
 - vi er over toppen, og snart går veien nedover igjen
UTDRAG frå UT.NO
Fra Gursli kan du følge den gamle gruveveien oppover lia til Gursli gruver. Den første biten går gjennom gammelt kulturlandskap med beitemarker og steingarder. Framme ved Gullvatnet finner du mange spor etter gruvedriften som varte fra 1914 til 1919. Flere av grunnmurene til bygningene er fremdeles intakte. Den gamle steintippen er godt synlig og fortsatt står en av bygningene igjen på stedet. “Jentehytta” hvor kokkene bodde og arbeidet, står til nedfalls, men gir et bilde av forholdene her inne ved gruvene. Du kommer ikke inn i selve gruvene uten avtale med Lund kommune, men gruvegangene er godt synlige. Gode oppslagstavler forteller historien om driften av molydengruvene

 - Etter kort tid ser vi ned mot Gullvatnet
 - der gruvene ligg på høgre sida av vatnet
 - stien går langs med vatnet, og snart dukkar Jentehytta opp
 - ruiner frå "stigerboligen" finns og her
- så langt men ikkje lenger....
vi kan sjå gruveinngangane, men kan ikkje gå inn
- etter ein god rast tek vi fatt på heimturen,
den nymalte Jentehytta viser godt igjen der ho bader i solskinet
- snart er vi på toppen att
 - og kan sjå ned til Gursli og Lundevatnet igjen.
Den tyngste delen av turen er første bakken, 
frå Gursli og opp til toppen - det er ein høgdeforskjel på 240 meter.
Turen er 6,3 km og passer for alle som likar å gå på tur.
Vi møtte to familier med barnevogn, det kan nok bli tungt oppover bakkane, 
men veien er god nok til å trilla vogna på.

lørdag 25. august 2012

Morgentur ved sjøen

 Sola er i ferd med å koma gjennom skylaget,
då eg starta min tur ved sjøen.
Utgangspunktet er Nærland strand.
- på denne tida av året er det veldig mange fuglar på Nærland.
Fuglane gjer eit stopp her, 
for å eta seg gode og mette, før dei dreg vidare sørover.
- eg møtte to karer med kikkert og kamera,
- dei fortalde at i denne mørke halvråtne taren, er det ei rik proteinkjelde for fuglane.
Det vil sei: om ein lyfter litt i taren, vil ein sjå den kvite makken som fuglane et....
  - eg går vidare til Selvåg strand
 - og til Håtangen/Voien
 - her vart eg gåande fram og tilbake ved utløpet av Håelva
 - og fann stadig nye fine motiv med nausta i bakgrunnen
- ein fin og god start på dagen....

torsdag 23. august 2012

Regnværsdag i Tromsø

Skyene hang langt nedover fjellsida då vi vakna,
og den planlagde fjellturen vart avlyst.
Då bruker vi dagen til å utforska Tromsø på andre måter.
- vi gjekk forbi "venter på bussen" dama
- til Polaria
 - her fekk vi eit innblikk om livet i artiske strøk

-  - like ved, er selfangst skuta M/S Polstjerna plassert i eit glasshus
-skuta var i drift frå 1949 til 1981
Total fangst: 97303 sel og 1967 tonn spekk
 - tørrfisken hang klar....
 - ute gjekk vi forbi den gamle og "makketne"
bilen til ølbryggeriet Mack
 - interessant og lærerik rundtur......

tirsdag 21. august 2012

Himmelbrann....

Sola kom opp over åsen og laga ein himmel i brann..
Eit vakkert skue, som ikkje var der i meir enn nokre få minutt.
- om dagen var himmelen blå og når kvelden sig på,
fargar sola himmelen nok ei gong...
 - eg vandrer langs sjøen i det sola glir sakte ned mot havet
 - eg kjenner stillheten og roen som breier seg over landskapet
 - fuglane roer seg på steinane 
- sola forsvinn ned i havet, 
- fargane bleikar og mørkret kjem sigande
- då går eg sakte tilbake til bilen....

lørdag 18. august 2012

Steingardar på Nærland

I eit av dei områda eg går mykje på tur,
finns steingardar både på tvers og på langs....
 - steingardane er eit skilje mellom jordstykka til bøndene på Nærland
- her er mykje arbeid lagt ned,
i den tid alt vart gjort med handamakt.