torsdag 27. september 2012

Ein liten rundtur i Toronto, Canada

Eg startar denne rundturen med båttur på Ontario Lake.
Frå vatnet ser ein inn på alle høghusa i byen.
- båtturen går rundt Ontatio Island,
øya der ein ikkje kan kjøra med bil
- her finns mang ein roleg og stille plass 
 - nesten over alt ser ein CN tower.
- Tårnet som rager 533 moh
- oppe i tårnet - vi var på 346 moh- ser ein utover byen.
Vi budde på dette hotellet - det har "kun" 19 etasjer.
Her budde vi saman med kongelige og filmstjerner.
- sola kikka såvidt fram, når vi var oppe i tårnet.
- det er stor byggjeaktivitet i Toronto.
Høge hus, treng lange byggjekraner....
 - mange av husa har glassfasader,
og ofte såg vi at dei var som spegler
- her ser vi trikken på veggen av eit museum
- denne gamle bygningen speglar seg i eit av høghusa
- alle desse vindusrutene må haldast reine,
dei har litt av ein jobb, dei som har valgt det yrket.
- vi hadde eit stopp ved Casa Loma.
Slottet vart bygd mellom 1911 -1914, slottet har 98 rom med høg standard
 - slottet er omkransa av ein flott hage

 - det går mot kveld og sola er på veg ned.
- nede på gata er det nesten mørkt,
men ein kan sjå sola skin på toppane av nokre av høghusa.
- det borterste huset skin som gull,
ja, det er faktisk gull i vindusrutene....
- Toronto er ein flott og spanande by.
Eg kunne nok tenkt meg å brukt fleire dagar her....

3 kommentarer:

  1. Her snakker vi skikkelig storby du :-) arti å få ta en titt.

    SvarSlett
  2. Een prachtige serie foto's met mooie composities, kleuren en reflecties.
    Je hebt er veel mooie foto's gemaakt.....complimentjes hiervoor.

    groetjes, Joop

    SvarSlett
  3. Loved the pictures, but my favorite is the one with the rainbow.
    Never been in Canada, your photos made ​​me feel like going.

    SvarSlett