søndag 28. oktober 2012

Tromsø

Eg er i Tromsø på oppdrag for Debra Norge,
det vert ikkje tid til så mykje fotografering.....
Her er Tromsø Domkirke i går kveld,
vinden har stillnet og snøen daler sakte ned...
 
GOD SØNDAG!

lørdag 27. oktober 2012

Gråværsdag i Tromsø

 Når vi landa på Tromsø lufthavn var det i sterk vind, snø/regn,
ein heller sur og grå dag.
Inne i byen var det ikkje vinden så sterk,
snøen var for det meste slaps eller vatn som låg i dammar i gatene.
Ein liten rundtur i byen vart det liekevel....
"Det finns ikkje dåleg vær, bare dårlege klær" heiter det jo...

- bileta talar for seg sjølv...

 - det må vel vera lov å sei at det var veldig godt å koma innadørs igjen....
 
GOD HELG!

torsdag 18. oktober 2012

Tur ved sjøen under grå skyer og sol

Turen startar ved utløpet av Salteåna, Refsnes strand.
Grå skyer ligg utover Jæren,
og det vel bare eit spørsmål om tid for regnet kjem.
Sand, sjø og himmel går nesten i eitt,
i nyanser av gråfarger.
- det er vindstille
 - eg lytter til bølgjene som slår mot land
- ved enden av stranda i nordleg retning går eg vidare mot Skeie
- det vert litt lysare
- fargane endrer seg
- så kjem sola fram
 - det var ei fin stund
- eg hadde nesten ikkje lyst å snu og ta fatt på heimturen
 - tilslutt vender eg nasen mot sør, 
eg går frå solgløtt og blå himmel,
til eit landskap i gråfargar
- ein fin strart på dagen.
PS eg kom ikkje lenger enn ut på hovudvegen før asfalten var våt.... 

tirsdag 16. oktober 2012

Tur rundt Melsvatnet i Time Kommune

 I det vi stopper bilen ved Melsvatnet,
forsvinn sola bak eit grått skylag.
Det gode fotolyset er med eitt borte, 
vi seier på her på Jæren at lyset er "flatt"
det vil sei at mange av detaljane i naturen går i kvarandre.
 - vi går langs stille vatn
 - gjennom haustfarga skog
 - forbi ein mosegrodd steingard
 - og ein sildrande bekk
- skyene vert mørkare

- vi er vel tilbake i heimen og skrivande stund dett regnet i bakken.....

søndag 14. oktober 2012

Fargespel i solnedgangen

 Solnegangen i kveld var eit fantastisk fargerikt skue.
Eg er på Selvåg strand, Nærland
Eg let dykk nyta fargespelet utan mine vanlege kommentarar.....
- eg går tilbake via Nærland strand
 - mørkret sig på og fargane bleiknar...

fredag 12. oktober 2012

Tur ved Gramstadtjørn og Revholstjørn

Turen startar frå Gramstad, i Sandnes kommune.
Sola skin frå klar blå himmel,
det er ein av dei finaste haustdagane vi har hatt på lenge.
 - snart kjem vi til Gramstadtjørn
 - veien går eit stykke langs vatnet 
 - stien går vidare oppover nokre knauser
 - på toppen ser vi oss tilbake mot Granstadtjørn og Gramstad
 - stien vidare er våt og gjørmete,
det er tydelege spor etter mange som har gått same vegen
 - eit stykke inne på flaten, svinger vi av stien som går vidare til Dalsnuten,
- vi går ned til Revholstjørn
 - for nokre år tilbake, var her eit lite gardsbruk,
i dag ser vi berre restar av grunnmurane der husa stod
 - her er mykje å sjå og mange fotomotiv å finna
 - flotte sauer gjekk på beite her
- vi vitsa litt om at spraglete sauer, er det som må til for å få fleirfarga tråd..... :-)
 - her vaks soppen villig ved rota av eit tre
- til denne utsikten hadde vi ein liten drikkepause,
før vi gjekk tilbake gjennom skogen.
- turen er ikkje så lang, 
men begge dei to vandrerdamene er godt fornøgde med tur og flott natur,
på ein vakker haustdag.