fredag 12. oktober 2012

Tur ved Gramstadtjørn og Revholstjørn

Turen startar frå Gramstad, i Sandnes kommune.
Sola skin frå klar blå himmel,
det er ein av dei finaste haustdagane vi har hatt på lenge.
 - snart kjem vi til Gramstadtjørn
 - veien går eit stykke langs vatnet 
 - stien går vidare oppover nokre knauser
 - på toppen ser vi oss tilbake mot Granstadtjørn og Gramstad
 - stien vidare er våt og gjørmete,
det er tydelege spor etter mange som har gått same vegen
 - eit stykke inne på flaten, svinger vi av stien som går vidare til Dalsnuten,
- vi går ned til Revholstjørn
 - for nokre år tilbake, var her eit lite gardsbruk,
i dag ser vi berre restar av grunnmurane der husa stod
 - her er mykje å sjå og mange fotomotiv å finna
 - flotte sauer gjekk på beite her
- vi vitsa litt om at spraglete sauer, er det som må til for å få fleirfarga tråd..... :-)
 - her vaks soppen villig ved rota av eit tre
- til denne utsikten hadde vi ein liten drikkepause,
før vi gjekk tilbake gjennom skogen.
- turen er ikkje så lang, 
men begge dei to vandrerdamene er godt fornøgde med tur og flott natur,
på ein vakker haustdag.

4 kommentarer:

  1. Skjønner så godt at dere var fornøyd med denne turen! Så fantastisk vakkert! her fikk dere virkelig dett mye fin i høstdagen!
    -Margit-

    SvarSlett
  2. A wonderful place on earth.....you have made beautiful pictures Ruth....colors are fantastic.

    greetings, Joop

    SvarSlett
  3. Tusen takk for nok en fantastisk naturopplevelse gjennom de flotte bildene dine :-)

    SvarSlett